Du har eit stort bilete f. eks. frå eit digitalkamera, og ønskjer å redusere storleiken slik at det kan brukast på ei nettside, i ein e-post eller i andre samanhengar der det kan vere nødvendig eller ønskjeleg å redusera storleiken.
Det første du kanskje legg merkje til, er at GIMP opnar biletet i ein passande storleik i høve til skjermen. Dersom biletet er større enn skjermen, vert det vist forminska slik at det passar til skjermen. Dette endrar ikkje den eigentlege storleiken på biletet. Visingsstorleiken for biletet vert synt nede på statuslinja.
Oppe på tittellinja finn du også opplysningar om kva fargemodus biletet er i. Dersom modus er RGB er alt greitt. Står det i staden at biletet er indeksert eller i gråtone, bør du kanskje sjå innom Del 4.7, «Å forandra biletmodus».
Bruk
→ for å opna dialogvindauget «Skaler biletet». Du kan høgreklikka på biletet for å opna menyen, eller bruka menyen øvst i biletvindauget. Legg merke til at menynamnet vert avslutta med ellipseteiknet (…) som indikerer at det vert opna eit nytt dialogvindauge når du klikkar på oppføringa.Den vanlege eininga for storleiken på skjermvisinga av eit bilete er ein piksel. I dialogvindauget kan du bestemma Breidd og Høgd for biletet i pikslar. Ein piksel er ikkje ein fast definert storleik slik som meter og liter. Storleiken på pikslane vert i staden bestemt av utstyrsprodusenten. Den verkelege storleiken biletet vert vist med vil altså vera avhengig av kva medium det vert vist på. Det vil vera tydeleg skilnad om biletet vert vist på ein smarttelefon eller med ein LCD-projektor, eller på ulike dataskjermar for den del. Difor er det berre forvirrande å bruka andre måleeiningar for biletstorleiken enn pikslar for bilete som skal visast på ein skjerm. Den andre gruppa inneheld innstillingar for X-oppløysing og Y-oppløysing. Vala du gjer her har ingen verknad på skjermvisinga, og treng altså ikkje brukast dersom biletet skal visast berre på skjerm.
Dersom du veit kor breit biletet skal vera, skriv du dette inn for Breidd slik som vist på figuren over. Har du ikkje noko bestemt ønskje, bør du vurdera kva slag media biletet skal visast på. Vanlege skjermstorleikar varierer frå 320 pikslar på ein enkel telefon, 1024 pikslar på eit nettbrett, 1440 pikslar på ein vanleg dataskjerm til 1920 pikslar på ein HD-skjerm. Som oftast vil ei skjermbreidd på 600 til 800 pikslar vere eit godt kompromiss.
Når du endrar ein av dimensjonane for eit bilete vil GIMP endra dei andre dimensjonane i høve til endringa. Ønskjer du å endra fleire dimensjonar, sjå Del 4.5, «Å beskjere eit bilete». Berre hugs på at dersom du forandrar to dimensjonar vilkårleg og uavhengig av kvarandre, vil dette føra til at biletet vert strekt eller krympa.