Av og til kan ein ha bruk for å skilja eit motiv ut frå bakgrunnen. Det kan vera for å ha motivet på ein einsfarga bakgrunn, gjera bakgrunnen gjennomsiktig slik at motivet kan leggjast over andre bakgrunnar, eller av heilt andre årsaker. For å gjera dette, kan ein bruka eit eller fleire av dei mange utvalsverktøya i GIMP for å laga eit utval rundt motivet. Dette er ikkje ei enkel oppgåve, og det er avgjerande å velja rett verktøy. Du har fleire verktøy som kan gjera dette:
Verktøyet «frihandsutvalet» vert brukt for å teikna eit omriss på frihand eller for å laga rette linjer. Frihandsutvalet passar best når subjektet har ei nokså enkel form. Du finn meir om dette i Del 2.4, «Frihandsutvalet (Lassoverktøyet)».
«Den intelligente saksa» vert brukt til å teikna omrisset på frihand, men med saksa er det nok å merkja enkelte punkt langs omrisset. Saksa reknar sjølv ut den mest sannsynlege markeringskanten ut frå fargane i motivet. Dette verktøyet passar best når motivet er komplekst men med tydelege skilje mellom motivet og bakgrunnen. Du finn meir om dette i Del 2.7, «Intelligent saks».
«Forgrunnsutvalet» vert brukt for å markera kva som skal vere «forgrunn» og kva som skal vera «bakgrunn» og lagar skiljet mellom desse automatisk. Sjå meir om dette i Del 2.8, «Forgrunnsutval».
Når du endeleg har fått utvalet slik det skal vera, brukar du
→ . I staden for at motivet er vald, vert no bakgrunnen vald:Å fylla bakgrunnen med éin farge:
Klikk på merket for forgrunnsfargen (den øvre av dei to overlappande fargefirkantane) i verktøykassa og vel ønskt farge. Bruk deretter Del 3.4, «Fyllverktøyet» for å bytte ut bakgrunnen med denne fargen.
Å laga svart/kvit bakgrunn og behalda fargane i subjektet:
Gå inn på menyvalet
→ og prøv deg fram til det beste resultatet ved å bruke dialogvindauget som dukkar opp. Trykk på OK-knappen når du er ferdig.