4.3. Å forandra storleiken på utskrifta

Som nemnd tidlegare, har pikslane ikkje nokon bestemt storleik. Når biletet skal skrivast ut på papir, må GIMP vita kor stor kvar piksel er. Det er nettopp dette innstillinga vi kallar «oppløysing» vert brukt til, nemleg å definera forholdet mellom pikslar og ei reell måleeining. Som oftast er det engelske tommar (inches) som vert brukte som den faste måleeininga.

Dei fleste bileta vert normalt opna med ei oppløysing sett til 72. Dette talet er vald fordi den normale skjermoppløysinga var 72 den gongen normen vart sett. Dette betyr at ein piksel er 1/72 tomme. Når vi skriv ut bilete teke med moderne digitalkamera, vert utskrifta nokså stor og klumpete med synlege pikslar. Vi må fortelja GIMP at vi vil ha ein bestemt storleik utan å endra pikseldataa for ikkje å mista kvalitet.

For å forandra utskriftstorleiken går du inn på BileteUtskriftformat for å opna dialogvindauget for utskriftstorleiken. Vel ei måleeining du er van med, for eksempel centimeter. Skriv inn anten breidd eller høgd for biletet og la GIMP gjera resten. Det neste steget er å sjå etter kva oppløysing biletet har. Er oppløysinga 300 pikslar per tomme (ppi) eller høgare, vert utskriftkvaliteten svært god utan synlege pikslar. Er oppløysinga mellom 200 og 150 ppi vil pikslane verta litt synlege men ikkje skjenerande så lenge biletet ikkje vert studert alt for nøye. Verdiar under 100 ppi vil gje bilete med godt synlege pikslar. Denne utskriftkvaliteten bør berre brukast for utskrifter der ein ønskjer denne effekten, eller utskrifter som skal sjåast på lang avstand, som t.d. skilt eller store plakatar.

Figur 3.20. Dialogvindauget for å setje utskriftstorleiken

Dialogvindauget for å setje utskriftstorleiken