Dersom du har bilete som tek opp mykje plass på harddisken, kan du redusera filstorleiken utan å endra biletstorleiken. Dette gjer du ved å komprimera biletet. Det beste resultatet får du ved å komprimera i JPG-formatet. Sjølv om biletet opphavleg er lagra i dette formatet, kan du som oftast komprimera det litt ekstra utan at det går nemnande ut over kvaliteten. Dette fordi JPG-formatet brukar ein metode der du sjølv kan bestemma kor mykje biletet skal komprimerast og såleis også ha kontroll over kvaliteten. Tommelfingerregelen er at dess meir biletet vert komprimert dess fleire detaljar forsvinn i biletet. Ver også klar over at for kvar gong biletet vert lagra i komprimert JPG-format vert kvaliteten noko redusert. Som oftast vil det difor vera lurt å ha ein ukomprimert kopi på lager.
Bilete vert lagra og lasta inn som .XCF-filer. Biletet ditt er altså lasta inn som XCF. I GIMP kan du velja mellom Overskriv biletnamn.jpg eller → for å opna dialogvindauget «Eksporter bilete».
Når dialogvindauget vert opna, er filnamnet skrive inn i namnefeltet med standardutvidinga .png. Slett denne filutvidinga og skriv inn JPG i staden. GIMP vil no finna den rette filtypen ut frå filutvidinga. Du kan bruka lista over filutvidingar for å sjå kva filtypar GIMP har støtte for. Kva for filutvidingar som er tilgjengelege er noko avhengig av oppsettet på datamaskinen. Dersom GIMP får problem, eller at formatet «JPEG» er gråa ut, altså ikkje tilgjengeleg, trykk på knappen Del 4.7, «Å forandra biletmodus». Deretter kan du trykkja på knappen . Dette vil opna dialogvindauget «Lagra som» med kvalitetskontrollane for JPEG-formatet.
og lesI dialogvindauget for å lagra som jpeg, kan du bruke dei førehandssette verdiane for å redusere filstorleiken utan at det går nemnande ut over biletkvaliteten. Dette er den enklaste og raskaste måten å gjere det på.
Du kan redusera biletkvaliteten for å gjera biletfila mindre, men du bør sikra deg at det er kryssa av for «Førehandsvis i biletvindauget» slik at du kan ha eit auge med kvaliteten. Kvaliteten 10 gjev eit svært dårleg bilete som tek liten diskplass. Biletet nedanfor viser ei innstilling med akseptabel kvalitet til føremålet. Med kvaliteten sett til 75 vert kvaliteten i dei fleste tilfella ikkje merkbart dårlegare, men filstorleiken vert kraftig redusert. Biletfila vil altså ta mindre plass på harddisken og vil vera raskare å lasta ned til ei nettside.
Her er det same biletet med ulike grader av komprimering: