Kommandoen
lagrar biletet til lagringsmediet i XCF-formatet. Ønskjer du å lagra i andre biletformat, bruk kommandoen . Dersom du prøver å lagra i andre format enn XCF, vil du få ei feilmelding:Dialogvindauget for utvidingar inneheld ei lenkje som opnar dialogvindauget for eksport. Sjå Del 1.1, «Lagra og eksportere bilete».
Dersom biletet er lagra frå før, vert dette biletet overskrive med den gjeldande versjonen. Dersom biletet ikkje er lagra tidlegare, vil kommandoen
opna dialogvindauget for å lagra biletet.Dersom du avsluttar utan å ha lagra biletet, vil GIMP spørja deg om du verkeleg meiner å gjera slik dersom valet «Bekreft lukking av ulagra bilete» er merkt i fana Systemresursar i brukarinnstillingane.
Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via
→ ,eller frå tastaturet med tastesnarvegen Ctrl+S.
Bruk Ctrl + Shift + S for å lagra biletet med eit anna namn.
Med denne filutforskaren kan du redigera filnamn direkte i namneboksen (førehandsinnstillinga er «Utan namn.xcf»), eller ved å velja eit filnamn frå namnelista. Hugs at det berre er lov å bruka filutvidinga XCF. Du må også bestemma i Lagra i mappe kva mappe biletet skal lagrast i, eller oppretta ei ny mappe.
Vel filtype. Dersom du utvidar dette valet nedst i vindauget, kan du velja eit komprimert format for XCF-fila.