3. Snarmaska

Figur 7.9. Bilete med «snarmaske»

Bilete med «snarmaske»

Utvalsverktøya vil laga eit omriss rundt det aktuelle området. Dersom utvala er kompliserte, kan det henda løysinga ikkje er heilt tilfredsstillande. I slike tilfelle kan det vera betre å bruka snarmaske for å teikna eit utval i staden for berre å spora omrisset.

3.1. Oversyn

Når du lagar eit utval i GIMP, vert dette til vanleg vist med «marsjerande maur» rundt kanten. I røynda kan det vera mykje meir i utvalet enn det desse «maura» viser deg. Dette fordi eit utval i GIMP eigentleg er ein fullverdig gråtonekanal som dekkjer biletet med verdiar frå 0 (ikkje synleg) til 255 (full dekning). Dei marsjerande maura vert teikna langs ein kant der det er 50 % dekning. Tilsynelatande viser prikkelinja kva som er innføre eller utføre utvalet, men er altså eigentleg eit slag gjennomsnitt i ein overgang.

Snarmaska er GIMP sin måte å visa heile strukturen i utvalet på. Når snarmaska er slått på, kan du også arbeida med utvalet på nye, og vesentleg kraftigare, måtar. For å slå på snarmaska, klikkar du på den vesle knappen i nedre, venstre hjørnet av biletvindauget. Klikkar du ein gong til, vert snarmaska slått av, og maura dukkar opp igjen. Du kan også slå på snarmaska frå menyen i biletvindauget ved å klikka på UtvalSnarmaske av/på, eller ved å bruka snarvegen Shift + Q.

Du kan sjå på snarmaska som eit delvis gjennomsiktig lag lagt over biletet. Gjennomsikta til kvart av biletpunkta på maska syner kor mykje kvart punkt er utvald (markert). Dess mindre eit punkt er utvald, dess meir vert det påverka av maska. Fullt markerte pikslar er fullstendig klare. I utgangspunktet er maska raudfarga, men dette kan du endra dersom ein annan farge høver betre.

Når du er i snarmaskemodus, vert mange av endringane du gjer berre utførte i utvalskanalen, og ikkje på heile biletet. Dette gjeld spesielt for dei ulike teiknereiskapa. Teiknar du med kvitfarge, vert dei kvite biletpunkta utvalde. Bruker du svart farge, vert dei teikna punkta umarkerte. Du kan bruke alle teiknereiskapa til dette, også verktøya for fyll og fargeovergangar. Som oftast vil det å arbeida på utval vera den lettaste, mest effektive og kanskje også den mest elegante måten å manipulera biletet på.

[Tips] Tips

For å lagra dei utvala som er gjort med snarmaska til ein kanal, må du forvisse deg om at det finst eit utval og at snarmaska ikkje er i bruk i biletvindauget. Bruk UtvalLagra til kanal. Dette vil oppretta ein ny kanal i kanaldialogvindauget med namnet «Kopi av utvalsmaske». Gjer du dette fleire gonger, vil dei neste kanalane få namna «Kopi av utvalsmaske 1», «Kopi av utvalsmaske 2» osv.

[Tips] Tips

I snarmaskemodus verkar kommandoane klipp og lim berre på utvalet og ikkje på heile biletet. I mange tilfelle kan du gjera deg nytte av dette når du skal overføra eit utval frå eitt bilete til eit anna.

Du kan lære meir om kanalmasker i kapitlet om kanaldialogvindauga.