6.7. Presisjon

Undermenyen Presisjon inneheld kommandoar for å velja presisjon for biletet. Vala her påverkar presisjon- og kanalinnstilli8ngane brukte for å lagra biletet i RAM medan du arbeider på det.

Figur 16.70. Undermenyen «Presisjon» i menyen «Bilete»

Undermenyen «Presisjon» i menyen «Bilete»

6.7.1. Aktivering

Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via BiletePresisjon.

6.7.2. Innhaldet i menyen «Presisjon»

Presisjonsmenyen er delt i to: presisjon og kanalkoding.

Vala for presisjon

Kva presisjon eit bilete vert lagra med er avhengig av bit-djupna (8-bits, 16-bits eller 32-bits) og om dataane vert lagra som heiltals- eller flyttalsdata. Menyen har desse vala:

  1. Vala for heiltalspresisjon

    • 8-bits heiltal

      [Notat] Notat

      When choosing to convert an image which has a 32-bit floating point precision to 8-bit integer, a conversion dialog will open that will ask you to choose dithering settings.

    • 16-bits heiltal

    • 32-bits heiltal

  2. Vala for flyttalspresisjon

    • 16-bits flyttal

    • 32-bits flyttal

Vala for kanalkoding

I presisjonsmenyen kan du også velja kanalkoding for biletdataane. For tida har du to val:

  • Perseptuell gamma (sRGB)

  • Lineært lys som kodar kanaldataane med lineær gamma-TRC.

6.7.3. Val av biletpresisjon og kanalkoding

[Notat] Notat

Same kva du vel i presisjonsmenyen så vil GIMP 2.10 sett til høg bit-djupn utføre alle interne prosessar i 32-bits flyttalspresisjon og i dei fleste redigeringsprosessane vert det brukt koding med lineært lys.

Kva presisjonsnivå bær eg velja? Kort sagt:

  1. For å utnytte GIMP sine interne 32-bits desimalpresisjon fullt ut, vel 32-bits desimalpresisjon og koding med lineært lys.

  2. Dersom du arbeider på ein maskin med lite RAM, eller med svært store bilete og mange lag, bør du vurdere å bruke 16-bits desimal- eller heiltalspresisjon.

  3. Dersom du ønskjer å bruke høg bit-djupn utan å bruka kanalverdiar som flyttal, bruk 16-bits heiltalpresisjon.

  4. Når du lagar «prøvetrykk» på skjermen, brukar du «Perseptuell gamma (sRGB)» som koding for å unngå ein del problem med å visa prøvetrykk med lineær gamma på skjermen ved bruk av «Little CMS».

  5. Er datamaskinen svært treg med lite RAM, bør du vurdere å bruka 8-bits heiltalpresisjon saman medkoding med «Perseptuell gamma (sRGB)». Viss du brukar kanalkoding med lineært lys, får biletet skjemmande posteriserte skuggar.

6.7.4. Meir om presisjonsvala

  1. Val av bit-djupn, 8-bits, 16-bits og 32-bits:

    • Bit-djupna set grensene for kor mykje presisjon som er tilgjengeleg under arbeidet med biletet. Når alt anna er uendra, vil høg bit-djupn gi best presisjon.

    • Bit-djupna er med å bestemmer kor mykje RAM som er nødvendig for biletet. Dess høgare bit-djupn dess meir RAM trengs det. Kor mykje RAM som vert brukt, er også avhengig av storleiken på biletlaga og kor mange lag biletet inneheld.

  2. Valet mellom heiltals- og flyttalspresisjon:

    • Desimaltalspresisjon må brukast dersom du vil utnytta bitdjupna i GIMPs interne 32-bits flyttalprosessering. Desimaltalspresisjon tillet å bruka kanalverdiar som fell utanom display-referred range frå 0,0 («vis svart») til 1,0 («vis kvit»), og gjer det såleis mogleg å bruka mange nyttige eigenskapar som for eksempel ubunden ICC-profilkonversjonar og redigeringsoperasjonane High Dynamic Rangescene-referred.

    • I motsetnad til desimalpresisjon kan heiltalspresisjon ikkje lagra kanalverdiar utanfor visingsområdet. Vel du ein heiltalspresisjon frå presisjonsmenyen, vert alle desimalverdiane som måtte koma fram i prosessen klipt bort for å passa i det tilsvarande desimalområdet mellom 0,0 og 1,0:

      • 8-bits heiltalverdiar vert avgrensa til området 0-255.

      • 16-bits heiltalverdiar vert avgrensa til området 0-65 535.

      • 32-bits heiltalverdiar vert avgrensa til området 0-4 294 967 295.

    • Ved ei bestemt bit-djupn er heiltalspresisjon betre enn flyttalspresisjon når dei andre innstillingane er like. Ein 16-bits heiltalspresisjon er altså meir presis enn ein 16-bits flyttalspresisjon. I GIMP får du likevel ikkje betre presisjon ved å velja 32-bits heiltalspresisjon i staden for 32-bits flyttalspresisjon sjølv om du vel 32-bits heiltal i presisjonsmenyen. Hugs at presisjonsmenyen berre bestemmer korleis informasjonen vert lagra i RAM.

    • Med den same bit-djupna vil heiltals- og flyttalspresisjon bruke nokså nær den same lagringsplassen både i RAM og på lagringsmedium.

  3. Velja mellom lineært lys og perseptuell gamma (sRGB) kanalkoding:

    • Dersom du vel kanalkodinga lineært lys og 8-bits presisjon, kan du få stygge posteriserte skuggar. Så ikkje bruk lineært lys utan høg bitdjupn.

    • Når du viser prøvetrykk på skjermen, vil kontrollen med fargar som ikkje kan visast på skjermen visa feil resultatet dersom biletet er sett til presisjonen lineært lys. Så bruk perseptuell gamma (sRGB) før du slår på skjermvisinga.

    • Kanalkodinga lineært kys eignar seg ikkje for 8-bits redigering eller for fargeprøvetrykk på skjermen. Vala du gjer i presisjonsmenyen vil likevel ikkje ha så mykje å seia for arbeidsmåten din:

      • Currently if you choose "Linear light", then linear gamma channel values are displayed in the "pixel" values when using the Color Picker Tool, Sample Points, and Pointer dialogs. If you choose "Perceptual gamma", then perceptually uniform (sRGB) channel values are displayed instead.

      • Currently the channel encoding that you choose makes a difference in the wrong colors that you might see if you uncheck Image/Color Management/Enable Color Management and your image isn't already in one of the GIMP built-in sRGB color spaces (but with either channel encoding choice, the colors are still wrong).

      • Den einaste andre måten (som eg kjenner til) vala i presisjonsmenyen påverkar arbeidet på har med resultata du får når du brukar «Gamma hack» i avanserte fargeval.

6.7.5. The Image Precision Conversion Dialog

For most precision conversions this dialog will only ask how Gamma should be set. However, for conversion from 32-bit float precision to 8-bit integer, the below dialog will be shown that also asks for Dithering.

Figur 16.71. The «Precision» conversion dialog for 32-bit float to 8-bit integer

The «Precision» conversion dialog for 32-bit float to 8-bit integer

Gamma

The Gamma setting is explained above.

Dithering

When reducing the precision from 32-bit floating point to 8-bit integer, you will lose some details. This can cause color banding, where there is an obvious jump from one color to another where there shouldn't be. Using dithering can be a way to reduce this. Dithering is a way of adding noise to an image to prevent banding and other unwanted patterns. The different dithering methods use different ways to add the noise.

There are three Dithering settings: for normal Layers, Text Layers, and Channels and Masks. For each you can set the type of dithering to use. The different dithering modes are explained in the Dithering Method option of the Dither filter.

In general, you probably won't use dithering for Text layers, since that will cause the text information to be lost, meaning it becomes a normal layer. I would first try conversion without any dithering, and if there are any noticeable artifacts, you can try using dithering on normal layers.