8.59. Utjamning

Dette filteret kan redusera talet på fargar ved å redusera nivåa i kvar kanal (fargar og alfa). Du kan spesifisera ulike utjamningsmetodar for å motverka at det ver laga kvantiseringsindusert «banding».

8.59.1. Aktivering av filteret

Du har tilgang til denne kommandoen på hovudmenyen gjennom FargarJamn ut….

8.59.2. Innstillingar

Figur 16.262. Dialogvindauget for utjamningsfilteret

Dialogvindauget for utjamningsfilteret

Forval

«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

Raudnivå, grønnivå, blånivå, alfanivå

Desse glidebrytarane vert brukte for å setja talet på nivå for raud-, grøn-, blå- og alfakanalen.

Utjamningsmetode

Her bestemmer du kva utjamningsmetode som skal brukast.

Ingen

Inga utglatting vert gjort på biletet.

Floyd-Steinberg

Dette er den mest brukte metoden for utjamning, og er standard. Du finn meir om dette i Floyd–Steinberg dithering på Wikipedia.

Bayer

«Bayer Matrix» er ein annan metode for utglatting brukt for å redusera talet på fargar. Algoritmen er prega av merkbare skraveringsmønster i resultatet. Sjå Ordered dithering on Wikipedia for meir om dette.

Tilfelddig, tilfeldig kovariant

Desse metodane for utjamning gjer pikselverdiane tilfeldige for å redusera talet på fargar.

Aritmetisk legg til, aritmetisk legg til kovariant, Aritmetisk anteneller, aritmetisk anteneller kovariant

Desse metodane for utjamning er romleg stabile, basert på magiske tal og aritmetikk. Du finn meir om dette i (på engelsk) a dither.

Blå støy, blå støy kovariant

Desse utjamningsmetodane som brukar såkalla «blå støy» har vist seg å vera minst skjemmande og distraherande. For meir informasjon, sjå Dithering in image processing på Wikipedia.

Tilfeldig frø, nytt frø

I boksen for tilfeldig frø kan du velja eit nytt frø for algoritmen som reknar ut det tilfeldige talet for dei to tilfeldige utglattingane. Knappen Nytt frø vel eit nytt, tilfeldig frø for deg.

Inngangstype, klipping, blandeinnstillingar, førehandsvising og delt vising

Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».