Dersom denne ikkje er merkt av, vil
bruka ein sRGB-fargemodell innebygd i GIMP på biletet.Dersom du har vald å visa ICC-fargeprofilen som er brukt i biletet på tittellinja eller statuslinja og det ikkje er merkt av for «Slå på fargestyring», vert det lagt til «ikkje fargestyrt» i tittelen eller i statuslionja i staden for den tidlegare brukte fargeprofilen.
Notat | |
---|---|
I standardoppsettet er det kryssa av for «Slå på fargestyring». Som oftast er det best å ha det slik. |
Når du fjernar avkryssinga for
gjer GIMP desse to tinga:ICC-profilen som er brukt i biletet er i det minste førebels lagra for seinare redigering, presisjon og fargestyringar, men vert ikkje brukt. Ein innebygd GIMP-profil vert brukt i staden for den tidlegare brukte ICC-profilen.
Viss biletet brukar perseptuell gamma (sRGB) vert GIMP sin innebygde sRGB-profil brukt.
Viss biletet brukar lineær lyspresisjon vert ICC-profilen «GIMPs innebygde lineære sRGB» brukt.
Du kan sjå at ein av dei innebygde sRGB-profilane som er innebygde i GIMP er brukt ved å gå inn på «Bilete/Bileteigenskapar/Fargeprofil».
Dersom du har sett opp tittelen eller statuslinja for å visa fargerommet for biletet, vil tittelen eller statuslinja visa ei melding om at biletet ikkje er «fargestyrt». Biletet er framleis fargstyrt , men no er biletet fargestyrt «som om» det var i eit av GIMP sine innebygde sRGB-fargeområde i staden for det fargerommet det eigentleg er i.
Notat | |
---|---|
Tilordning av ein ny profil til eit bilete endrar ikkje dei aktuelle kanalverdiane for biletet. Bruk av ein ny ICC-profil endrar berre kva kanalverdiane betyr, noko som gjer at utsjånaden til biletet vert endra. Dette gjeld ikkje når den opphavlege profilen og den nye profilen er funksjonelt like. |
Når
ikkje er merkt, vil GIMP bruka ein av dei innebygde sRGB-profilane i GIMP i biletet. Bruk av ein ny ICC-profil i eit bilete endrar ikkje kanalverdiane for biletet, men fører til meir eller mindre drastiske endringar i utsjånaden til biletet:Dersom biletet brukar eit av dei innebygde fargeromma i GIMP eller den brukte ICC-profilen er funksjonelt lik den brukte innebygde sRGB-profilen, vert biletet ikkje endra.
Dersom biletet ikkje er sett til eit av dei innebygde fargeområda, og ikkje brukar eit fargeområde som er funksjonelt likt den brukte innebygde sRGB-profilen, vert biletet endra meir eller mindre drastisk avhengig av tre ting:
Kva GIMPs presisjonkanal – lineært lys eller perseptuell gamma (sRGB) – for biletet var sett til før merkinga av boksen
vart slått av.Kor langt den opphavleg brukte kanalen for ICC-profilen («TRC») er frå GIMP sine verdiar for presisjonskanalen.
Kor langt raud-, grøn- og blå-kromatiseringa i den opphavlege ICC-profilen i biletet er frå den innebygde sRGB-profilen i GIMP.
I begge eksempla nedanfor er biletet fargestyrt: Det er brukt ein ICC-profil på biletet og denne profilen er brukt for å senda biletfargane til skjermen.
I det andre eksempelet er avkryssinga for «Bruk fargestyring» fjerna. Ein av dei innebygde sRGB-profilane i GIMP er feilaktig brukt på biletet slik at fargane vert feil.
I skjermbiletet 1 nedanfor har biletet opphavleg i ein innebygd sRGB-profil frå GIMP. Å fjerna avkryssinga for
endrar difor ikkje biletet. Det einaste synlege er at dersom du vel å visa i tittelen eller på statuslinja kva ICC-profil som er brukt, vil du sjå at det i staden for ICC-profilen no står «Ikkje fargestyrt» sjølv om biletet eigentleg er fargestyrt:I skjermbilete 2 nedanfor passar kanalkodinga for den opphavlege profilen kodinga for GIMP-kanalen, begge er lineære, men kromatisiteten til profilen LargeRGB-elle-V4-g10.icc svarar ikkje til kromatisiteten til den innebygde sRGB-profile i GIMP. Fargetonaliteten er korrekt, men fargane er feil. Biletet er framleis fargestyrt, men med feil ICC-profil:
Obs | |
---|---|
Dersom den brukte ICC-profilen i originalbiletet ikkje brukar den same kodinga for kanalar og kromatisitet som den innebygde sRGB-profilen, og du fjernar avkryssinga for og deretter skifter meining og merker av igjen, vert den opphavlege ICC-profilen brukt og biletet er uendra.Om du kan bruka den opphavlege ICC-profilen og korrigera fargane tilbake igjen, er avhengig av kva du har gjort med biletet frå du fjerna merkinga til du merka av igjen for .Det beste rådet er igjen å aldri fjerna merkinga for . |