Du har tilgang til dette filteret frå menyen i biletvindauget via
→ → → .Dette filteret lager ein bølgjeforma tekstur som kan minne om fuktig silke, eller kan hende årringar i polert tre.
Du kan bestemma kva for to fargar som skal brukast i mønsteret. I tillegg kan du bestemma kor høge og breie bølgjene skal vere og kor komplekst mønsteret skal lagast.
Resultatbiletet er uavhengig av det opne biletet.
Notat | |
---|---|
Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar». |
Desse kontrollane vert brukte til å bestemma kor store bølgjene skal verta . Små verdiar vil strekke ut bølgjene maksimalt, medan høge verdiar vil presse mønsteret saman.
Denne kontrollen styrer kor mykje mønsteret skal utbroderast og kor mykje fargane skal påverka kvarandre. Små verdiar lager eit enkelt, harmonisk mønster, medan store verdiar gir meir komplekse mønster.
Her bestemmer du kor tilfeldig filteret skal arbeide. Viss det same frøet vert brukt i den same situasjonen, vert resultatet nøyaktig det same. Ulike frø lagar ulike resultat. Du kan skriva inn frøet ,amuelt eller ved å trykkja knappen
.Dersom denne er avkryssa, vil filteret lage eit mønster som kan brukast som flislegging. Dette er særleg aktuelt som bakgrunn i nettsider.
Denne innstillinga gjev ein tilleggskontroll på samhandlinga mellom dei to fargane.
Her set du dei to fargane som lagar teksturen. Standard er gul og blå.
Du kan her velje mellom tre ulike måtar for å bestemma utsjånaden til bølgjene: Lineær, Bilineær eller Sinusforma.
Denne glidebrytaren vert brukt for å bestemma kva for ein av fargane som skal vere den dominerande, og kor mykje han skal dominera. Set du glidebrytaren heilt til venstre, på -7,5 vil den venstre fargen dominere totalt. Med verdien 7,5 vil den høgre fargen dominere alt. Er brytaren ein stad mellom desse ytterpunkta, vil dominansen vere fordelt tilsvarande.