14.9. Massiv støy

14.9.1. Oversyn

Figur 17.346. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Massiv støy»


«Massiv støy» er ein flott teksturprodusent. Merk at denne støyen alltid er grå, sjølv om du brukte filteret på eit fargerikt bilete (det spelar inga rolle korleis originalbiletet ser ut ‒ dette filteret overskriv bakgrunnen i laget det vert brukt på.). Dette er også et godt verktøy for å laga forskyvingskart for verktøyet Forvrenging eller for filteret Avbilding frå kart . Med «turbulens»-innstillinga slått på, vert resultata nokså nær ekte skyer.

14.9.2. Aktivering av filteret

Du finn dette filteret i menyen i biletvindauget under FilterTeikningarStøyMassiv støy….

14.9.3. Innstillingar

Figur 17.347. Innstillingane for filteret «Massiv støy»

Innstillingane for filteret «Massiv støy»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

X-storleik, Y-storleik

Her bestemmer du storleik og proporsjonar for støyen i biletet.

Detaljar

Låge verdiar vil gi få detaljar og eit resultat som kan minne om mjuke skyer. Høge tal vil gi eit hardare bilete, meir som om det skulle vere laga av små partiklar, eller spraymaling.

Saumlaus

Dette, litt merkelege ordet betyr berre at dersom funksjonen er avmerka, vil du få ein støy som kan flisleggast. Dette er ofte brukt som bakgrunn i nettsider, og betyr at fleire kopiar av biletet kan leggast side om side utan synlege fuger.

Turbulens

Denne innstillinga kan gi ganske interessante effektar, noko liknande oljefilm på vatn, cellevev, røykskyer eller «Rorschach flekker» (desse flekkane som vert brukte i psykiatrien for å teste folk).

Tilfeldig frø

Eit «frø» er det talet filteret bruker som utgangspunkt for å lage tilfeldige tal. Det same frøet vil, dersom tilhøva er dei same, gi same mønsteret. Du kan skrive inn frø direkte, eller du kan trykke Nytt frø for å lage eit nytt, tilfeldig frø.