Dette filteret lagar 3D-effektar ved å overføra ein struktur i eit bilete (strukturkartet) til eit anna bilete. Høgda på «humpane» er avhengig av lysstyrken til dei tilsvarande pikslane i kartet. Det er også råd å bestemma kva retning lyset skal koma frå. I motsetnad til filteret «relieff», kan dette filteret brukast på alle bilettypar. Sjå relieff for meir om dette. (Å laga bilete på denne vert også kalla «bump-mapping»).
Notat | |
---|---|
Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar». |
Når du klikkar på denne knappen, vert det opna ein liten fillesar med to panel. Det venstre panelet viser bileta som er på skjermen: Det gjeldande biletet er merkt. Det høgre panelet viser laga i det gjeldande biletet: Dobbeltklikk på det laget du vil bruka som kart for avbildinga: Fillesaren vert lukka og miniatyren av laget vert vist på knappen «Tilleggsinngang».
Det høgre panelet har ei «kanalfane»: MÅ SKRIVAST
Her kan du bestemma kva metode som skal brukast for å kopla saman dei to bileta:
Høgda på humpane er ein direkte funksjon av lysstyrken.
Høgda på humpane er ein kuleforma funksjon av lysstyrken.
Høgda på humpane er ein sinusfunksjon av lysstyrken.
Avbildinga har ein tendens til å gjera biletet mørkare. Slå på dette valet dersom du vil unngå dette.
Til vanleg vil lyse pikslar gje humpar og mørke pikslar holer i biletet. Denne funksjonen vender om på dette.
Denne funksjonen vert helst nytta dersom du skal bruka biletet som gjentatt bakgrunn i ei nettside. Mønsteret vert då lagt side om side utan synlege fuger mellom bitane.
Denne glidebrytaren bestemmer kvar lyset skal koma frå. Skalaen tilsvarer kompassretningane i grader, men med startpunkt 0° i aust. Aukande tal vil dreia lyset motsols og altså skuggane medsols.
Denne glidebrytaren bestemmer kor høgt over horisonten (0,50°) lyset skal kome frå. Rett ovanfrå (zenit) tilsvarer 90°.
Djupna er i dette tilfellet simuleringa av kor høge humpane og kor djupe holene i biletet skal sjå ut til å vera. Dess høgare tal dess større skilnad. Variasjonsområdet er frå 1 til 65.
Du kan bruka desse glidebrytarane for å finjustera plasseringa av kartet i biletet.
Dersom biletet inneheld gjennomsiktige område, vert desse handsama som mørke felt og vert omforma til utholingar i biletet. Med denne glidebrytaren kan du gjera desse hola grunnare. Hola vert heilt borte når verdien vert sett til 255. Er Inverter strukturkartet slått på, vert gjennomsiktige område handsama som lyse felt og funksjonen vil planera humpane.
Med denne glidebrytaren kan du bestemma den totale lysstyrken på biletet. Høge verdiar vil føra til at relieffverknaden vert redusert.
Vi skal laga eit tekstrelieff på eit bilete.
Opna hovudbiletet.
Lag kartet: her ein kvit tekst på svart bakgrunn.
Rediger / kopier kartet. Aktiver biletet og Rediger/Lim inn som/Nytt lag. Høgreklikk på det nye laget og bruk Laget til biletstorleik for å få laget i same storleik som biletet.
Kartlaget er aktivt, bruk Gaussisk sløring. Her er standard 1,5 pikslar brukt.
Gjer kartlaget usynleg og aktiverer biletlaget.
Opna filteret «Avbilding frå kart». Klikk på knappen
og dobbeltklikk på tekstlaget i det høgre panelet.