Dette filteret omformar eit panorame til ein planet. Passar ikkje for alle bilete. Det ideelle biletet er eit 360° × 180° bilete, også kjent som eit ekvirektangulært bilete, Vi vil sjå at det er råd å bruka vanlege bilete også.
Innstillingar
Notat | |
---|---|
Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar». |
Vassrett kamerapanorering. Viss alternativet «Invertert transformering» er merkt av, flyttar alternativet «pan» siktlinja vassrett, elles verkar det som «Spinn»-alternativ.
Loddrett kamerapanorering. Flyttar siktelinja oppover eller nedover.
Spinnvinkel rundt kameraaksen. Roterer planeten rundt siktlinja.
Forstørringsnivå. Forsatørr eller forminsk planeten.
Gjer den inverse kartlegginga; nyttig for å justera senit, nadir eller andre delar av panoramaet.
Interpoleringsmetodane er forklarte i Interpolering
«Kubisk» kan gje betre resultat.
Tips | |
---|---|
Du kan finna ekvirektangulære bilete gratis på https://commons.wikimedia.org/wiki/Category:360°_panoramas_with_equirectangular_projection. |
Panoramaet ditt tilfredsstiller sjeldan vilkåra som er nødvendige for dette filteret, spesielt viss du klippar det ut av eit større bilete. «Litle planet»-filteret fører venstre og høgre biletsider saman og skapar ei uønskt skarp grense viss sidene er ulike. Ein ujamn horisont gjev ein uregelmessig sirkel. Ein blå, tom himmel som tek opp den øvre halvdelen av biletet og ein vassrett horisont er perfekte. Til vanleg må du forbetra panoramaet før du brukar filter.
Reins himmelen: med fargeveljar, mørkare blå til verktøykasseforgrunn og lysare blå til verktøykassebakgrunn. Det rektangulære utvalet av himmelen inkludert ein liten del av horisonten. I utvalet teiknar du ein fargeovergang fra topp til botn.
Vel den venstre biletkanten.
Kopier utvalet og lim det inn som nytt lag.
Q snarveg for å opna justeringsverktøyet.
Klikk på nytt lag (overlagra på utvalsområdet): nye laggrenser vert viste. Juster nytt lag til høgre side av biletet.
Vel>Ingen.
Spegelvend det nye laget vassrett.
Legg ei svart lagmaske til det nye laget.
Legg til ein svart-til-kvit fargeovergang til lagmaska.
Bruk filteret «Litle planet».