Dette filteret konverterer eit 360° × 180° bilete, også kjent som ekvirektangulært bilete, til eit panorama.
Desse innstillingane er dei same som innstillingane for Del 13.6, «Litle planet».
Klikk og dra for å panorera.
Shift + Klikk og dra for å rotera.
Ctrl + Klikk og dra for å panorera med ein avgrensa akse.
Alt + Klikk og dra for å forstørra eller forminska.
Tips | |
---|---|
Du kan finna ekvirektangulære bilete gratis på https://commons.wikimedia.org/wiki/Category:360°_panoramas_with_equirectangular_projection. |
Sjølvsagt kan du berre få ein del av originalbiletet i panoreringa. Det første du må gjera er å laga eit nytt bilete med storleiken til det framtidige biletet og så opna originalbiletet.
Opna panoramavisingsfilteret. Berre midtdelen av biletet er synleg. Panorer rundt i biletet for å finna panoramaet du vil bruka ved hjelp av «Pan» eller ved å klikka og dra. Du kan forstørra visinga.