12.8. GEGL Filter-lesar

Kommandoen GEGL Filter-lesar viser dei tilgjengelege GEGL-filtera som kan kallast opp av programtillegg og skript. Desse filtra utfører handlingar på bileta og kan ha eitt eller fleire parameterar som kan endrast.

12.8.1. Slå på kommandoen

Du har tilgang til denne undermenyen på hovudmenyen via HjelpGEGL Filter-lesar.

12.8.2. Beskriving av dialogvindauget for «GEGL Filter-lesar»

Figur 16.239. Dialogvindauget for «GEGL Filter-lesar»

Dialogvindauget for «GEGL Filter-lesar»

Figuren ovanfor viser dialogvindauget for GEGL Filter-lesar. Dersom du klikkar på eit element i lista til venstre, vert det vist informasjon om filteret til høgre.

Det viser først basisk informasjon om det valde filteret: , namnet det kan kallast opp med, kategorien det høyrer til i og ei forklaring på kva filteret gjer. Vidare vert det vist informasjon om innstillingane, viss slike finst. For kvart parameter vert det vist namnet, den nødvendige datatypen, standardverdien og dei høgste og lågaste tillatne verdiane. Under dette kan det finnast tilleggsopplysningar som for eksempel lisensen for bruk.

Du kan søkja etter eit bestemt filter ved å spørja filterdatabasen i tekstboksen for søk. Du kan velja kva del av informasjonen det skal søkjast i.

etter namn

Søkjer berre etter namnet på filteret. Det vert vist ei liste over filter der namnet inneheld det du skriv inn.

etter tittel

Søkjer etter tittelen på filteret. Det vert vist ei liste over filter som inneheld teksten du skriv inn ein eller annan staden.

Skilnaden i søkinga er at tittelen er korleis du omtala filteret, for eksempel «Gaussisk sløring», medan namnet er kva filteret vert kalla i kodeskrift, for eksempel «gegl:gaussian-blur».

etter beskriving

Søk i omtalen av kva filteret gjer. Teksten kan vera kvar som helst i omtalen.