6.30. Innrett synlege lag …

Kommandoen Innrett synlege lag vert brukt til å setja nøyaktig posisjon for dei synlege laga, dvs. dei som er merkte med «auge»-ikonet i lagmenyen. Dette er særleg nyttig når du arbeidar med animasjonar, som svært ofte har mange små lag. Klikkar du på kommandoen, opnar det seg eit dialogvindauge der du kan bestemma ein del verdiar for plasseringa.

Figur 16.76. Eksempel på innretting

Eksempel på innretting

Eksempelbiletet inneheld fire lag på eit 150 × 150 piksel lerret. Det raude kvadratet er 10 × 10 pikslar, det grøne rektangelet er 10 x 20 pikslar og det gule er 20 × 10 pikslar. Bakgrunnslaget, som er blått og på 100 × 100 pikslar, vert ikkje berørt av kommandoen sidan valet Ignorer det nedste laget er avkryssa i dialogvindauget. Legg merkje til rekkjefølgja på laga i lagdialogvindauget.


6.30.1. Slå på kommandoen

  • Du har tilgang til denne kommandoen på hovudmenyen via BileteInnrett synlege lag. Det er ingen snartastar for dette valet. Dersom biletet inneheld berre eitt lag, får du melding om at funksjonen berre kan brukast når det er fleire lag i biletet.

6.30.2. Beskriving av dialogvindauget «Flett saman synlege lag»

Figur 16.77. Dialogvindauget for «Rett inn alle synlege lag»

Dialogvindauget for «Rett inn alle synlege lag»

Vassrett stil, Loddrett stil

Desse vala bestemmer korleis laga skal flyttast i høve til kvarandre. Du har valet mellom:

  • Ingen: Ingen endringar i nokon retning.

  • Samla: Dei synlege laga vert innretta slik det er bestemt i Vassrett basis og Loddrett basis. Dersom du set Vassrett basis til Høgre kant, kan du risikera at laga forsvinn frå lerretet. Du kan henta dei fram igjen ved å forstørra lerretet. Dersom du har markert for Bruk det (usynlege) botnlaget som basis, vert laga innretta på det øvre, venstre hjørnet av botnlaget.

    Figur 16.78. Vassrett «Samla» innretting (etter kanten av lerretet)

    Vassrett «Samla» innretting (etter kanten av lerretet)

    Det opphavlege biletet med lagstabelen

    Vassrett «Samla» innretting (etter kanten av lerretet)

    Laga er flytt vassrett slik at den venstre kanten er innretta etter den venstre kanten på lerretet.


    Figur 16.79. Vassrett «Samla» innretting (etter botnlaget)

    Vassrett «Samla» innretting (etter botnlaget)

    Det opphavlege biletet med lagstabelen

    Vassrett «Samla» innretting (etter botnlaget)

    Laga er flytt vassrett slik at den venstre kanten fluktar med den venstre kanten til botnlaget.


  • Fyll (frå venstre til høgre); Fyll (frå topp til botn): Dei synlege laga vert innretta etter lerretet i høve til den kanten du valde med Vassrett basis eller Loddrett basis. Laga vert sett opp slik at dei ikkje overlappar kvarandre. Topplaget i stakken vert sett heilt til venstre, eller øvst) i biletet. Botnlaget vert sett lengst til høgre (eller nedst) i biletet. Dei andre laga vert fordelte jamt mellom desse to plasseringane. Dersom det er merkt av for Bruk det (usynlege) botnlaget som utgangspunkt, vert laga innretta i høve til den tilsvarande kanten i botnlaget.

    Figur 16.80. Vassrett «Fyll» innretting (lerret)

    Vassrett «Fyll» innretting (lerret)

    Det opphavlege biletet med lagstabelen

    Vassrett «Fyll» innretting (lerret)

    Vassrett fylling, venstre til høgre, utan avmerking for Bruk det (usynlege) botnlaget som basis. Topplaget i lagstabelen, det grøne, er sett heilt til venstre. Botnlaget i lagstabelen, det raude, er sett heilt til høgre. Det gule laget er sett mellom desse to.


    Figur 16.81. Vassrett «Fyll» innretting (botnlaget)

    Vassrett «Fyll» innretting (botnlaget)

    Det opphavlege biletet med lagstabelen

    Vassrett «Fyll» innretting (botnlaget)

    Dei same parametra som i det førre eksemplet, men med det nedre, blå, laget som basis.


  • Fyll (høgre til venstre); Fyll (botn til topp): Desse verkar som dei ovanfor, men i omvendt rekkefølgje.

    Figur 16.82. Loddrett «Fyll» innretting (botnlaget)

    Loddrett «Fyll» innretting (botnlaget)

    Det opphavlege biletet med lagstabelen

    Loddrett «Fyll» innretting (botnlaget)

    Loddrett «Fyll» innretting, botn til topp. Botnlaget som basis


    Det må vera minst tre synlege lag i biletet for å kunna bruka «Fyll»-innstillingane.

  • Fest til rutenett : Dei synlege laga vil vera på linje med eit rutenett. Bruk innstillingane for Rutenettfor å definera avstanden til nettet. Basen du vel vil vera på linje med den næraste nettlinja. For eksempel, viss du velger Venstre kant frå Vassrett base, vert venstre kant av kvart lag på linje med rutenettlinja som er nærast den vestre kanten av laget.

    I det følgjande eksempelet er rutenettet for biletet slått på og avstanden sett til same verdi som i innstillingane for rutenettet. Dette er berre for å demonstrera effekten av Fest til rutenett-alternativet. Du treng ikkje slå på rutenettet for biletet, og ingen av innstillingane vert brukte når du justerer laga.

    Figur 16.83. Vassrett og loddrett justering for «Fest til rutenett»

    Vassrett og loddrett justering for «Fest til rutenett»

    Det opphavlege biletet med lagstabelen og eit 30 pikslars rutenett

    Vassrett og loddrett justering for «Fest til rutenett»

    Vassrett «Fest til rutenett»-justering, vassrett base for venstre kant, loddrett «Fest til rutenett»-justering, loddrett base for øvre kant og Rutenett sett til 30. Kvart lag utanom basen er justert i høve til øvre, venstre hjørne i eit 30 × 30 kvadrat..


Rutenett

Viss du vel Fest til rutenett for anten Vassrett stil eller Loddrett stil, vil innstillingane for rutenett definera avstanden for rutenettet som laga vert justerte etter.