11.9. Mjukglød

11.9.1. Oversyn

Figur 17.221. Example for the «Softglow» filter

Example for the «Softglow» filter

Det opphavlege biletet

Example for the «Softglow» filter

Etter bruk av filteret «Mjukglød»


Dette filteret gjer biletet lysare med ein mjuk glød tilsvarande det gamle trikset med å smøre vaselin på linsa. Mjukglød lagar denne effekten ved å gjere lyse område i biletet lysare.

11.9.2. Slik slår du på filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterArtistiskMjukglød ….

11.9.3. Innstillingar

Figur 17.222. Innstillingane for filteret «mjukglød»

Innstillingane for filteret «mjukglød»

Forval, «Inngangstype», Klipping, Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Glødradius

Denne glidebrytaren styrer kor sterk effekten skal vera.

Lysstyrke

Denne kontrollen vert brukt for å bestemma kor mykje lysare dei lyse områda skal verta.

Skarpleik

Denne kontrollen bestemmer kor skarpt definert, eller kor diffus effekten skal vera.