3.3. Gaussisk sløring

3.3.1. Oversyn

Figur 17.11. Verknaden av filteret «Gaussisk sløring»

Verknaden av filteret «Gaussisk sløring»

Originalbiletet

Verknaden av filteret «Gaussisk sløring»

Biletet er sløra


Programtillegget «Gaussisk sløring» verkar på kvar piksel i det gjeldande laget eller utvalet og set verdien til gjennomsnittet av alle pikselverdiane som finst innføre ein radius som er definert i dialogvindauget. Ein høg verdi fører til meir sløring. Sløringa kan stillast inn til å verka meir i éi retning enn ei annan ved å trykkja på lenkjeknappen slik at lenkja vert broten, og deretter endrar radius. GIMP støttar to implementeringar av Gaussisk sløring: FIR og IIR. Dei gjev dei same resultata, men kvar av dei kan vera raskare i nokre tilfelle. Dei er supplerte med standard auto-innstillinga, som automatisk vel det optimale valet.

3.3.2. Slik slår du på filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen under FilterSløringGaussisk sløring ….

3.3.3. Innstillingar

Figur 17.12. Innstillingane for filteret «Gaussisk sløring«

Innstillingane for filteret «Gaussisk sløring«

Forval, «Inngangstype», Klipping, Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Storleik X, Storleik Y

Her bestemmer du mengda av sløring. Ved å endra høvet mellom vassrett og loddrett sløring, kan du få eit resultat som liknar fartssløring.

Filter

Here you can select the filter type.

Auto

Try to select the best filter automatically. In most cases this default is best left alone.

FIR

Stands for «Finite Impulse Response».

IIR

Stands for «Infinite Impulse Response».

Abyss policy

Abyss policy (kanthandsaming) er handsama med Abyss-policy.

Klipp til inndatautvidinga

Skulle utgangsutvidinga verta klipt til inngangsutvidinga, vil dette valet fjerna uønskte pikslar som vert laga på kantane ved å sløra dei.

Figur 17.13. Eksempel

Eksempel

Det øvre, høgre hjørnet av biletet, forstørra 800 gongar

Eksempel

«Klipp til inndatautvidinga» ikkje avmerkt

Eksempel

«Klipp til inndatautvidinga» avmerkt


Filteret «Gaussisk sløring» bevarer ikkje kantane i biletet:

Venstre: det opphavlege biletet

Midten: filteret Mediansløring brukt

Høgre: filteret Gaussisk sløring brukt