12.3. Forskyving

12.3.1. Oversyn

Figur 17.248. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Biletområda som tilsvarar lysegrå (128) blir forskjøve 19 og 8 pikslar mot venstre. Biletområda som tilsvarar mørkegrå (128) blir forskjøve 4 og 15 pikslar mot høgre.

Eksempel på bruk av filteret

X-forskyvinga er sett til 30. Med negativ verdi ville forskyvinga blitt invertert. Frie pikslar er svarte. Forskyvingskartet (i midten) har fire grå striper med respektive verdiar 210, 160, 110 og 60.


Dette filteret bruker eit «forskyvingskart» for å forskyve korresponderande pikslar i biletet. Filteret vil forskyve innahaldet i den aktive teikneflata (laget eller utvalet) i høve til verdiane sett for X og Y. Desse verdiane blir igjen multipliserte med lysverdiane for tilsvarande punkt i «forskyvingskartet». Forskyvingskarta bør vere gråskalabilete med same format som teikneflata. Filteret kan gi mange interessante verknader.

12.3.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterKartForskyv.

12.3.3. Innstillingar

Figur 17.249. Innstillingane for filteret «Forskyv»

Innstillingane for filteret «Forskyv»

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.

Forskyvingsmetode

Du kan velje å arbeide med kartesianske koordinat, der pikslane blir flytt vassrett (x) eller loddrett (y), eller med polar-koordinat, der biletet blir vridd og vrengd ved å flytte pikslane i radial eller tangential retning.

Sjå neste kapittel for meir om desse vala.

Kanthandtering

Her bestemmer du korleis forflyttingar over biletkanten skal behandlast:

Bryt

Gjer at det som forsvinn over biletkanten dukkar opp på motsett kant.

Smør ut

Gjer at område som blir tømt for pikslar på grunn av flytting, blir fylt med pikslar kopiert frå nærliggande område.

Svart

Gjer at område som blir tømt for pikslar på grunn av flytting, blir fylt med svart.

12.3.3.1. Kartesiansk forskyving

Figur 17.250. Innstillingane for filteret «forskyv» (kartesiansk)

Innstillingane for filteret «forskyv» (kartesiansk)

Forskyvingsmodus: kartesiansk


I begge metodane vil retninga og lengda på forskyvinga vere avhengig av verdien til den tilsvarande pikselen i mønsterkartet.

Kartet, som bør vere eit gråskalabilete, har 256 grånivå (0 - 255) med ein teoretisk gjennomsnittsverdi på 127,5. Biletpikslar der dei tilsvarande kartpikslane er mindre enn 127,5 (dvs 0 - 127) vil bli flytte i ei retning, medan biletpikslar med tilsvarande kartpikslar med verdi høgare enn 127,5 (dvs. 128 - 255) vil bli flytt i motsett retning.

X-forskyving, Y-forskyving

Avhengig av kva innstilling som er vald, vil biletpikslar som tilsvarar kartpikslar frå 0 til 127 bli flytt til høgre på x-aksen eller nedover på y-aksen. Biletpikslar som tilsvarar kartpikslar frå 128 til 255 bli flytt til venstre på x-aksen eller oppover på y-aksen.

Det talet du skriv inn i boksane for «X-/Y-forskyving» er eigentleg ikkje kor mykje pikslane skal forskyvast, men ein koeffisient som blir brukt i formelen for å rekne ut kor langt og i kva retning pikselen skal flyttast i høve til den graderte intensiteten [18] til den tilsvarande pikselen i kartet, modulert med talet du skreiv inn. At intensiteten er med i formelen, gjer at det er råd å flytte pikslane progressivt ved å bruke fargeovergangar i kartet.

Verdien du skriv inn kan også vere negativ. Flyttinga blir då reversert i høve til om verdien er positiv.

Du kan trykke på nedtrekkslista for å få fram eit oversyn over tilgjengelege forskyvingskart. Bilete som skal kome med i lista må oppfylle to krav. Det eine er at biletet må vere opna når du aktiverer filteret. Det andre er at biletet må ha same dimensjonane som originalbiletet. Som oftast vil forskyvingskartet vere ein kopi av originalbiletet. Denne kopien blir omforma til gråskala og fylt med høveleg fargeovergang. Filteret vil verke også med kart i fargar, men det er vanskelegare å føresjå resultatet med eit slik kart.

12.3.3.2. Polarforskyving

Figur 17.251. Innstillingane for filteret «Forskyving» (Polar)

Innstillingane for filteret «Forskyving» (Polar)

Forskyvingsmetode: polar


Knip

Denne innstillinga fører til at radialkoordinata, dvs. avstanden til midtpunktet ( «polen» ) i biletet blir forandra. Biletpikslar som samsvarar med kartpikslar frå 0 til 127 blir flytte utover, medan biletpikslar som samsvarar med kartpikslar i området 128 til 255 blir flytte innover.

Sjå nærare om verdiane og mønsterkartet ovanfor under «X/Y forskyvingar».

Forskyvinga er uavhengig av avstanden frå sentrum. Alle pikslane blir flytt like langt. Biletet blir difor ikkje bare strekt ut eller komprimert, men også forstyrra:

Biletet er forvrengt med kommandoen «knip»

Eit bilete på 160 × 120 pikslar. Mønsterkartet er einsfarga kvitt og forskyvingskoeffesienten sett til 20,0. Dette fører til at pikslane blir flytt 20 pikslar mot sentrum. Den vassrett forminskinga blir 25 %, den loddrette 33 % og den diagonale forminskinga 20 %. Biletet blir difor forstyrra.

Drei

Dette valet fører til at vinkelkoordinata for biletpikslane blit sett i høve til kartpikslane. Dersom mønsterkartet er einsfarga, vil biletet bli rotert, elles blir det «kvervla».

Biletpikslar som korresponderer med kartpikslar frå 0 til 127 blir forskjøve motsols, medan biletpikslar som samsvarer med kartpikslar frå 128 til 255 blir flytt medsols.

Sjå ovanfor om verdiar og mønsterkart.

[Notat] Notat

Med eit einsfarga forskyvingskart verkar filteret i polarmodus på same måten som filteret vri og vreng.

12.3.4. Å bruke ein overgang for å bøye ein tekst

Denne metoden kan også brukast på «normale» lag:

  1. For det første må du opna biletet.

  2. Lag ein kopi av biletet og gjer denne om til gråtone med kommandoen BileteModusGråskala. Fyll biletet med ønskt fargeovergang. Dette biletet blir forflyttingskartet ditt.

  3. Aktiver originalbiletet. Lag eit tekstlag ved å skrive inn ein tekst. Utvid tekstlaget til same format som biletet ved å gå inn i menyen LagLaget til biletformatet. Filteret flytter ikkje på gjennomsiktige pikslar. Sidan bokstavane i tekstlaget ligg på gjennomsiktig bakgrunn, vil difor bare bokstavane i dette laget bli påverka av filteret.

  4. Gjer tekstlaget til det aktive laget og opna filteret. Nå kan du prøve deg fram med ulike innstillingar av filteret. Når førehandsvisinga viser resultatet slik du ønskjer det, trykker du OK-knappen.

Denne metoden gjeld også for standardlag:

[Tips] Tips

Får å få fram den ønskte fargeovergangen lager du først ein overgang frå svart til kvit. Deretter bruker du verktøyet kurver for å modifisera fargeovergangen til slik du vil ha han.

12.3.5. Utrekning av forskyvinga

I det følgjande vil vi vise korleis du kan rekne ut mengda av forskyving. Dette er helst mynta på dei som ønskjer å vite korleis ting fungerer. Har du ikkje slike interesser, kan du trygt sløyfe dette kapitlet.

I innføringseksemplet er det vist resultatet av ei x-forskyving med ein koeffisient på 30,0. Avhengig av grånivået i mønsterkartet blei forskyvinga 19, 8, 4 eller 15 pikslar.

Kvifor akkurat desse forskyvingane? Svaret er enkelt:

Dersom du kontrollerer desse likningane vil du sjå at verdiane som kjem ut ikkje er nøyaktig dei vi fekk i eksemplet. Kanskje ikkje så rart etter som vi reknar med avrunda desimaltal. Kan det vere at tala er runda av til næraste heiltal og pikslane blir flytt i høve til desse? Svaret er nei. Kvar piksel blir flytt så mykje som utrekninga viser, men forflyttinga etter desimalane blir utført etter interpolering av desimalane. Vonleg vil dette eksemplet vise kva som skjer:

Figur 17.252. Ein nærare kikk på eksemplet

Ein nærare kikk på eksemplet

Eit mindre område er forstørra 800 %


Forskyvinga resulterer i små, ein piksel breie område med overgangsfargar ved kanten av einsfarga område. Det svarte området på det forstørra biletet er resultatet av ei flytting på -4,12. Overgangsfargen er 12 % svart og 88 % gul.

Dersom du set forskyvingskoeffisienten til 30,01 i staden for 30,00 vil du eigentleg få eit heilt anna bilete, men det er sjølvsagt uråd å sjå skilnaden.



[18] Gradert intensitet = (intensitet - 127.5) / 127.5. Sjå Del 12.3.5, “Utrekning av forskyvinga”.