12.2. Avbilding frå kart

12.2.1. Oversyn

Figur 17.246. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Frå venstre: Det einsfarga blå originalbiletet som skal tilførast relieffverknad. I midten strukturkarta (også kalla «ruglekarta») i gråskala. Svarte pikslar vil fordjupe relieffet, kvite pikslar opphøge det. Til høgre dei ferdige bileta. Filteret legg til ein skyggeeffekt.


Dette filteret lagar 3D-effektar ved å overføre ein struktur i eit bilete (strukturkartet) til eit anna bilete. Høgda på «humpane» er avhengig av lysstyrken til dei tilsvarande pikslane i kartet. Det er også råd å bestemma kva retning lyset skal kome frå. I motsetnad til filteret Del 4.4, “Relieff” kan dette filteret brukast på alle bilettyper. (Å lage bilete på denne måten blir også kalla «bump-mapping»).

12.2.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterKartAvbilding frå kart

12.2.3. Innstillingar

Figur 17.247. Innstillingane for filteret «Avbilding frå kart»

Innstillingane for filteret «Avbilding frå kart»

Førehandsvising

Dersom denne er avkryssa, vil endringane bli viste i førehandsvisinga. Du kan flytte rundt i biletet ved hjelp av rullefelta.

Strukturkart

Denne nedtrekksmenyen inneheld alle bileta som var på skjermen då du aktiviserte filteret. Du kan velje kva for eit av desse bileta som skal brukast som strukturkart.

Koplingstype

Her kan du bestemma kva metode som skal brukast for å kopla saman dei to bileta:

Lineær

Høgda på humpane er ein direkte funksjon av lysstyrken.

Sinusforma

Høgda på humpane er ein sinusfunksjon av lysstyrken.

Kule

Høgda på humpane er ein kuleforma funksjon av lysstyrken.

Kompenser for formørkinga

Avbildinga har ein tendens til å gjere biletet mørkare. Aktivere dette valet dersom du vil unngå dette.

Inverter strukturkartet

Til vanleg vil lyse pikslar gi humpar og mørke pikslar holer i biletet. Denne funksjonen vender om på dette.

Flislegg strukturkartet

Denne funksjonen er helst nytta dersom du skal bruke biletet som gjentatt bakgrunn i ei nettside. Mønsteret vil då bli lagt side om side utan synlege fuger mellom bitane.

Asimut

Denne glidebrytaren bestemmer kvar lyset skal koma frå. Skalaen tilsvarer kompassretningane i grader, men med startpunkt 0° i aust. Aukande tal vil dreie lyset motsols og altså skyggane medsols.

Elevasjon

Denne glidebrytaren bestemmer kor høgt over horisonten (0,50°) lyset skal kome frå. Rett ovanfrå (zenit) tilsvarer 90°.

Djupn

Djupna er i dette tilfellet simuleringa av kor høge humpane og kor djupe holene i biletet skal sjå ut til å vere. Dess høgare tal dess større skilnad. Variasjonsområdet er frå 1 til 65.

X-forskyving, Y-forskyving

Du kan bruke desse glidebrytarane for å finjustera plasseringa av kartet i biletet.

Havnivå

Dersom biletet inneheld gjennomsiktige område, vil desse bli behandla som mørke felt og bli omforma til utholingar i biletet. Med denne glidebrytaren kan du gjere desse holene grunnare. Holene blir heilt borte når verdien blir sett til 255. Er Inverter strukturkartet aktivert, vil gjennomsiktige område bli behandla som lyse felt og funksjonen vil planere humpane.

Bakgrunnslys

Med denne glidebrytaren kan du bestemma den totale lysstyrken på biletet. Høge verdiar vil føre til at relieffverknaden blir redusert.