2. Lagmodus

Ved hjelp av lagmodus kan du bestemma korleis dei ulike laga i eit bilete skal blandast saman. Difor kunne ein kanskje like gjerne kalla metoden for «blandemåtar». Når du ser stabelen av lag ovanfrå, er resultatet sjølvsagt avhengig av innhaldet i dei laga biletet er sett saman av, men også kva lagmodus dei ulike laga er sett til. GIMP har 21 lagmodus.

Du bestemmer lagmodus i menyen Modus i lagdialogen. GIMP bruker lagmodus for å bestemma korleis kvar piksel i det øverste laget skal kombinerast med tilsvarande piksel i laget under.

[Notat] Notat

Teikneverktøya bruker dei same modus som lagmodus, med eit par i tillegg. Du kan velje modus frå ein nedtrekksmeny i verktøyinnstillingane. Sjå Del 3.2, «Teikneverktøya (blyanten, målarpenselen og luftpenselen)».

Lagmodus opnar for komplekse fargeforandringar i biletet. Dei blir ofte brukte saman med eit nytt lag som verkar som ei slags maske. Dersom du for eksempel legg eit einsfarga kvitt lag over eit bilete og set lagmodus til «Metning», vil laget under vere synleg i gråtoner.

Figur 8.8. Masker brukte i eksempla på lagmodus

Masker brukte i eksempla på lagmodus

Maske 1

Masker brukte i eksempla på lagmodus

Maske 2


Figur 8.9. Bakgrunnar brukte i eksempla på lagmodus

Bakgrunnar brukte i eksempla på lagmodus

Nøkkelhengar

Bakgrunnar brukte i eksempla på lagmodus

Ender


I beskrivinga av lagmodus er det også tatt med dei matematiske formlane. Dette for dei som er nysgjerrige på matematikken som ligg bak desse utrekningane. Du treng ikkje forstå likningane for å bruke lagmodus.

Likningane er skrivne med forkortingar.

Formel 8.1. Eksempel


E står for resultatet, M for øvre maske og I for nedre maske (image = bilete). Eksemplet ovanfor kan såleis lesast som «Resultatpikselen får ein farge som er summen av verdien for tilsvarande piksel i det øvre laget og verdien for den tilsvarande pikselen i det nedre laget». Fargekomponentane i pikslane må alltid vere mellom 0 til 255.

[Notat] Notat

Dersom det ikkje er sagt noe anna i beskrivinga nedanfor, blir ein negativ fargekomponent sett til 0 og ein fargekomponent større enn 255 blir sett til 255.

Eksempla nedanfor viser verknaden for kvar modus.

Sidan resultatet av kvar modus er svært avhengig av fargane i laga, kan desse eksempla bare gi ein generell idé om kva resultat modus gir. Du blir hermed sterkt oppmoda til å prøve dette ut sjølv. Ein grei måte å gjere dette på er å bruke to nokså like lag. Dette får du enklast til ved å kopiere det eine laget og gjere noen små forandringar på kopien. Det kan vere å sløre kopien litt, flytte litt på han, bruke skalering, fargeinvertering eller liknande du måtte finne på. Prøv deg fram med ulike modus og sjå kva som hender.

Normal

Figur 8.10. Eksempel på lagmodus «normal»

Eksempel på lagmodus «normal»

Begge bileta er blanda med same intensitet

Eksempel på lagmodus «normal»

Med 100% dekkevne er bare det øvre laget synleg når du bruker modus «normal».


Normal-modus er den som er aktiv dersom du ikkje set andre val. Det øvre laget dekker laget under. Ønskjer du å sjå noe av det underste laget må det øvre laget ha gjennomsiktige område.

Likninga er:

Formel 8.2. Likning for lagmodus «Normal»


Oppløys

Figur 8.11. Eksempel på lagmodus «oppløys»

Eksempel på lagmodus «oppløys»

Begge bileta er blanda med same intensitet

Eksempel på lagmodus «oppløys»

Med 100% dekkevne er bare det øvre laget synleg når du bruker modus «Oppløys».


Oppløys-modus løyser det øvre laget opp i laget under ved å teikne eit tilfeldig pikselmønster i område med delvis gjennomsikt. Dette kan nok vere nyttig i lagmodus, men kanskje meir nyttig som teiknemodus.

Effekten er best synleg langs kantar i biletet. Resultatet er lettast å sjå på eit forstørra skjermbilete. Biletet til venstre viser eit forstørra utsnitt i normalmodus medan det høgre biletet syner dei same to laga i «Oppløys»-modus. Du kan her sjå korleis pikslane er spreidde.

Figur 8.12. Forstørra skjermbilete

Forstørra skjermbilete

Normalmodus

Forstørra skjermbilete

Oppløysmodus


Multipliser

Figur 8.13. Eksempel på lagmodus «multipliser»

Eksempel på lagmodus «multipliser»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «multipliser»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


I Multipliser-modus blir pikselverdiane i det øvre laget multiplisert med verdien av pikslane i laget under. Resultatet blir deretter dividert med 255. Gir som oftast eit mørkare bilete. Dersom det eine laget er einsfarga kvit, vil resultatet bli det same som det andre laget (1 × I = I). Er eitt av laga einsfarga svart, vil resultatet bli svart (0 × I = 0).

Likninga er:

Formel 8.3. Likning for lagmodus «Multipliser»


Metoden er kommutativ, dvs. at det er likegyldig kva rekkefølgje laga er i.

Del opp

Figur 8.14. Eksempel på lagmodus «divider»

Eksempel på lagmodus «divider»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «divider»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


I modus Divider blir kvar pikselverdi i det nedre laget multiplisert med 256 og deretter dividert med verdien + 1 av den tilsvarande pikselen i det øvre laget. (Verdien blir auka med 1 for å unngå eventuell divisjon med null). Gir som oftast eit lysare bilete som av og til kan sjå noe «utbrend» ut.

Likninga er:

Formel 8.4. Likning for lagmodus «Divider»


Skjerm

Figur 8.15. Eksempel på lagmodus «skjerm»

Eksempel på lagmodus «skjerm»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «skjerm»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


I Skjerm-modus blir verdiane av kvar av dei synlege pikslane i dei to laga inverterte. Inverteringa blir gjort ved at kvar pikselverdi blir subtrahert frå 255. Dei inverterte verdiane blir så multipliserte med kvarandre, invertert igjen og deretter dividert med 255. Resultatet blir som oftast lysare, men kan sjå noe «utvaska» ut. Dersom det eine laget er svart, vil resultatet bli som det andre laget. Er det eine laget kvitt, vil også resultatet bli kvitt. Mørke fargar har ein tendens til å bli meir gjennomsiktige.

Likninga er:

Formel 8.5. Likning for lagmodus «Normal»


Metoden er kommutativ, dvs. at det er likegyldig kva rekkefølgje laga er i.

Legg over

Figur 8.16. Eksempel på lagmodus «legg over»

Eksempel på lagmodus «legg over»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «legg over»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


I modus Legg over blir pikselverdien i det nedre laget invertert og multiplisert to gonger med pikselverdien i det øvre laget. Resultatet blir lagt til den opphavlege pikselverdien i det nedre laget og summen deretter dividert med 255. Dette blir så multiplisert med den originale pikselverdien i det nedre laget, og endeleg dividert med 255 igjen. Biletet blir som oftast noe mørkare, men ikkje så mykje som med modus «multipliser».

Likninga er: [4]

Formel 8.6. Likning for lagmodus «Legg over»


Avskygging

Figur 8.17. Eksempel på lagmodus «avskygging»

Eksempel på lagmodus «avskygging»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «avskygging»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


I modus Avskygging blir pikselverdien i det nedre laget multiplisert med 256 og deretter dividert med den inverse verdien av pikslelen i det øvre laget. Resultatbiletet blir som oftast lysare, men noen fargar kan bli inverterte.

Avskygging er ein eigentleg ein fotografisk teknikk frå mørkerommet, og går ut på skygge av for lyset slik at deler av biletet blir litt mindre eksponert enn resten av biletet. Dette kan få fram fleire detaljar i skyggeområda. I GIMP får du denne effekten best fram når du nyttar teikneverktøya på gråskalabilete.

Likninga er:

Formel 8.7. Likning for lagmodus «Avskygging»


Etterbelys

Figur 8.18. Eksempel på lagmodus «etterbelys»

Eksempel på lagmodus «etterbelys»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «etterbelys»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


I modus Etterbelys blir den inverse verdien av pikselverdiane i det nedre laget multiplisert med 256 og deretter dividert med 1 pluss pikselverdien i det øvre laget. Resultatet blir deretter invertert. Etterbelys har ein tendens til å lage mørkare bilete, nokså nær det same som modus «Multipliser».

Også Etterbelys er ein fotografisk teknikk frå mørkerommet, og går ut på å eksponera deler av biletet litt ekstra. Dette kan få fram fleire detaljar i høglysområda. I GIMP får du denne effekten best fram når du nyttar teikneverktøya på gråskalabilete.

Likninga er:

Formel 8.8. Likning for lagmodus «Etterbelys»


Hardt lys

Figur 8.19. Eksempel på lagmodus «hardt lys»

Eksempel på lagmodus «hardt lys»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «hardt lys»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


Modus Hardt lys ser forholdsvis komplisert ut fordi likninga består av to delar, ein for mørke fargar og ein for lyse fargar. Dersom pikslefargen i det øvre laget er større enn 128, blir laga sett saman etter den første formelen vist nedanfor. Er fargeverdien under 128, blir den nedste likninga brukt. Då blir pikselverdiane frå øvre og nedre lag multipliserte med kvarandre og deretter dividert med 256. Du kan bruke denne for å få klarare fargar og skarpe kantar når du kombinerer to fotografi.

Likninga er annleis og meir kompleks for verdiane >128 eller 128 :

Formel 8.9. Likning for lagmodus «Hardt lys» med M > 128


Formel 8.10. Likning for lagmodus «Hardt lys» med M < 128


Mjukt lys

Figur 8.20. Eksempel på lagmodus «mjukt lys»

Eksempel på lagmodus «mjukt lys»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «mjukt lys»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


Modus Mjukt lys har ingenting med «Hardt lys» å gjere anna enn namnelikskapen. Har ein tendens til å mjuke opp kantane og å gjere fargane mindre klare. Liknar på modus «Legg over». I noen versjonar av GIMP er Mjukt lys og «Legg over» identiske.

Rs er resultatet av Skjermmodus.

Formel 8.11. Likning for lagmodus «Normal»


Formel 8.12. Likning for lagmodus «Mjukt lys»


Trekk ut korn

Figur 8.21. Eksempel på lagmodus «trekk ut korn»

Eksempel på lagmodus «trekk ut korn»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «trekk ut korn»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


Modus Trekk ut korn er tenkt brukt for å trekke ut «filmkorna» frå eit lag for å produsere eit nytt, kornete lag, men kan også vere brukbar for å lage relieffliknande overflate. Verkemåten er å trekke piksleverdiane i det øvre laget frå verdiane i laget under og deretter legge til 128.

Likninga er:

Formel 8.13. Likning for lagmodus «Trekk ut korn»


Flett korn

Det finst to lagmodus til, men desse er bare tilgjengelege for teikneverktøya og er nærare omtalte iModus for teikneverktøya.

Figur 8.22. Eksempel på lagmodus «flett korn»

Eksempel på lagmodus «flett korn»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «flett korn»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


Flett korn fletter eit kornete lag, t.d. laga med modus «Trekk ut korn», saman med det aktive laget slik at dette blir kornete. Dette er det motsette av å «Trekke ut korn». Pikselverdiane for dei to laga blir lagt saman og deretter blir det trekt 128 frå den samanlagte verdien.

Likninga er:

Formel 8.14. Likning for lagmodus «Flett korn»


Differanse

Figur 8.23. Eksempel på lagmodus «differanse»

Eksempel på lagmodus «differanse»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «differanse»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


I modus Differanse blir pikselverdiane i det øvre laget trekte frå dei tilsvarande verdiane i det nedre laget. Sluttverdien er den absolutte verdien av differansen. Uansett korleis laga ser ut, blir resultatet nokså merkeleg. Du kan bruke det til å invertere element i eit bilete.

Likninga er:

Formel 8.15. Likning for lagmodus «Differanse»


Metoden er kommutativ, dvs. at det er likegyldig kva rekkefølgje laga er i.

Addisjon

Figur 8.24. Eksempel på lagmodus «addisjon»

Eksempel på lagmodus «addisjon»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «addisjon»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


Addisjon er ein av dei enkle metodane. Pikselverdiane i dei to laga blir lagt saman (adderte). Som regel blir resultatet eit lysare bilete. Sidan resultatet kan bli større enn 255, vil ein del av dei lyse fargane bli sette til maksimumsverdien 255.

Likninga er:

Formel 8.16. Likning for lagmodus «Addisjon»


Metoden er kommutativ, dvs. at det er likegyldig kva rekkefølgje laga er i.

Subtraksjon

Figur 8.25. Eksempel på lagmodus «subtraksjon»

Eksempel på lagmodus «subtraksjon»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «subtraksjon»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


I modus Subtraksjon blir pikselverdiane i det øvre laget trekt i frå (subtrahert) dei tilsvarande verdiane i laget under. Som oftast blir resultatet eit mørkare bilete med svært mykje svart, eller nær svart. Sidan resultatet kan bli eit negativt tal, vil ein del av dei mørke fargane bli sette til minimumsverdien 0.

Likninga er:

Formel 8.17. Likning for lagmodus «subtraksjon»


Gjer bare mørkare

Figur 8.26. Eksempel på lagmodus «gjer bare mørkare»

Eksempel på lagmodus «gjer bare mørkare»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «gjer bare mørkare»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


I modus Gjer bare mørkare blir kvar komponent i kvar piksel i det øvre laget samanlikna med tilsvarande komponentar i det nedre laget. Den minste verdien i kvar samanlikning blir brukt i det nye biletet. Dersom det eine laget er einsfarga kvit, vil det nye biletet vere identisk med det andre laget. Er det eine laget svart, vil resultatet naturleg nok bli svart.

Likninga er:

Formel 8.18. Likning for lagmodus «Gjer bare mørkare»


Metoden er kommutativ, dvs. at det er likegyldig kva rekkefølgje laga er i.

Gjer bare lysare

Figur 8.27. Eksempel på lagmodus «gjer bare lysare»

Eksempel på lagmodus «gjer bare lysare»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «gjer bare lysare»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


I modus Gjer bare lysare blir kvar komponent i kvar piksel i det øvre laget samanlikna med tilsvarande komponentar i det nedre laget. Den høgste verdien i kvar samanlikning blir brukt i det nye biletet. Dersom det eine laget er einsfarga svart, vil det nye biletet vere identisk med det andre laget. Er det eine laget kvit, vil resultatet naturleg nok bli kvit.

Likninga er:

Formel 8.19. Likning for lagmodus «Gjer bare lysare»


Metoden er kommutativ, dvs. at det er likegyldig kva rekkefølgje laga er i.

Kulør

Figur 8.28. Eksempel på lagmodus «kulør»

Eksempel på lagmodus «kulør»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «kulør»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


Modus Kulør bruker kuløren (fargen) i det øvre laget og metninga og lysverdien frå det nedre laget for å lage det nye biletet. Dersom metninga i det øvre laget er 0, vil også verdiane for kulør bli tatt frå det nedre laget.

Metning

Figur 8.29. Eksempel på lagmodus «metning»

Eksempel på lagmodus «metning»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «metning»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


Modus Metning bruker verdiane for metning i det øvre laget og verdiane for kulør og lysverdi for å lage det nye biletet.

Farge

Figur 8.30. Eksempel på lagmodus «farge»

Eksempel på lagmodus «farge»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «farge»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


Modus Farge bruker kulør og metning frå det øvre laget, og lysverdien frå det nedre laget for å lage det ferdige biletet.

Verdi

Figur 8.31. Eksempel på lagmodus «verdi»

Eksempel på lagmodus «verdi»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «verdi»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


Modus Verdi bruker lysverdien frå det øvre laget, og kulør og metning frå det nedre laget for å lage det ferdige biletet. Du kan bruke dette for å avsløre detaljar i dei mørke og lyse områda utan å endre metninga.

Kvart av laga i eit bilete kan ha ulike lagmodus. (Bare for å minna om det: lagmodus har naturlegvis ingen effekt på botnlaget). Effekten av lagmodus er kumulativ, dvs. at effektane «samlar seg opp» gjennom laga. Biletet under har tre lag. Topplaget viser Wilber omgitt av gjennomsikt. Lagmodus er «Trekk frå». Det andre laget er einsfarga blått med lagmodus «Legg til». Botnlaget er fylt med mønsterelementet «Red cubes».

Figur 8.32. Eksempel på bruk av mange lag

Eksempel på bruk av mange lag

Teikneverktøya i GIMP bruker modus tilsvarande dei som er nemnde ovanfor. I tillegg kjem to modus som er spesielle for teikneverktøya. Modusvalet for teikneverktøya er tilgjengeleg frå menyen Modus i dialogvindauget for verktøyinnstillingane. I likningane ovanfor er laget du teiknar på det «nedre laget» og pikslane som blir avsette med verktøyet det «øvre laget». Naturleg nok treng du bare eitt lag i biletet sidan verktøya bare arbeider på det aktive llaget og på det aktive teikneverktøyet.

Sjå Del 3.1.3, «Eksempel på ulike teiknemåtar» for omtale av dei to tilleggsmetodane for teikning.



[4] På grunn av ein feil, Bug #162395 , er modus Legg over det same som modus Mjukt lys. Det skal visstnok vere vanskeleg å rette denne feilen utan å øydelegge for eksisterande bilete.