5.10. Mindre metning

Kommandoen Mindre metning blir brukt for å omforma alle fargane i det aktive laget til tilsvarande grader av grått. Denne metoden skil seg ut frå det å konvertere til gråskala på to måtar. For det første verkar han bare på det aktive laget. For det andre er gråtonane i laget framleis RGB-verdiar. Du kan såleis fargelegge laget eller deler av det, på eit seinare tidspunkt.

[Notat] Notat

Denne kommandoen verkar bare på lag i RGB-format. Dersom biletet er i gråskala eller indeksert modus, kan kommandoen ikkje gjere noe.

5.10.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet anten

  • frå biletmenyen via VerktøyFargeverktøyaMindre metning eller FargarMindre metning

  • ved å klikke på symbolet i verktøykassa dersom verktøyet er installert der. (Installeringa er forklart i Del 5.1, «Verktøydialogen».

5.10.2. Innstillingar

Figur 13.162. Dialogvindauget for «Mindre metning»

Dialogvindauget for «Mindre metning»

Dei tre knappane er:

Gråtonen blir bestemt ut frå

Lysverdi

Formelen for utrekninga er

Lysverdi = ½ × (max(R,G,B) + min(R,G,B))
Fargeglød

Formelen for utrekninga er

Lysstyrke = (0,21 × R) + (0.72 × G) + (0.07 × B)
Gjennomsnitt

Formelen for utrekninga er

Gjennomsnitleg lysstyrke = (R + G + B) : 3

Figur 13.163. Ei samanlikning mellom dei tre vala

Ei samanlikning mellom dei tre vala

Originalbiletet

Ei samanlikning mellom dei tre vala

«Lysverdi»

Ei samanlikning mellom dei tre vala

«Fargeglød»

Ei samanlikning mellom dei tre vala

«Gjennomsnitt»