4.2. Å forandra storleiken (Skalering)

Problem: Du har eit stort bilete som du ønskjer å gjere mindre for å kunne bruke det på ei nettside. Som eksempelbiletet bruker vi m51_hallas_big.jpg frå APOD [APOD03].

Figur 3.16. Eksempelbilete for skaleringa

Eksempelbilete for skaleringa

Det første du kanskje legg merke til, er at GIMP opnar biletet i ein passande storleik. Dersom biletet er skikkeleg stort, slik som eksempelbiletet, vil det bli vist forminska slik at det passar til skjermen. Visingsstorleiken på biletet blir synt nede på statuslinja.

Oppe på tittellinja finn du også opplysningar om kva fargemodus biletet er i. Dersom modus er RGB er alt greitt. Står det i staden at biletet er indeksert eller gråskala, bør du kanskje kikke litt på Del 4.6, «Å forandre biletmodus».

Figur 3.17. GIMP brukt til skalering

GIMP brukt til skalering

Opna dialogvindauget med BileteSkaler biletet anten frå menylinja eller ved å dobbeltklikke på biletet. Legg merke til at menynamnet blir avslutta med ellipseteiknet (…) som indikerer at det blir opna eit dialogvindauge når du klikkar på det.

Figur 3.18. Dialogvindauget for å skalere biletet, målt i pikslar

Dialogvindauget for å skalere biletet, målt i pikslar

Dersom du har bestemt deg for kor breidt biletet skal vere, skriv du dette talet inn i ruta Breidde. I dette tilfellet er måleeininga pikslar. Er du usikker, kan du bruke 256, som er standardformatet i GIMP. Det er dette som er brukt i biletet over.

Figur 3.19. Dialogvindauget for å skalere biletet, målt i tommar

Dialogvindauget for å skalere biletet, målt i tommar

Kanskje du heller vil at biletet skal sjå meir ut som eit 4 × 6 tommars (10 × 14 cm) foto vist på vanleg skjerm. Bytt måleeining til tommar og skriv 4 ruta for høgde. Dersom breidda blir større enn 6 når du trykker Enter-tasten, skriv 6 i breidderuta i staden. Dette for at biletet ikkje skal bli større enn 4 × 6 tommar. Sjå dialogvindauget ovanfor.

Skriv inn bare ein av dimensjonane og la GIMP velje den andre for deg. Vil du av ein eller annan grunn forandre begge måla, sjå meir om dette i Del 4.4, «Å beskjere eit biletet». Som oftast er det likevel enklast å la GIMP gjere jobben.