4.6. Å forandre biletmodus

Bilete finst i mange ulike utgåver og tener mange ulike føremål. Av og til er det viktig å gjere det så lite som råd er (t.d. for Internett), andre gonger kan høg fargeintensitet vere hovudmålet (t.d. i familieportrett). GIMP kan faktisk greie alle desse omstillingane, og fleire til, ved å omforma bileta mellom tre hovudmodus som vist i denne menyen. Du bytter ganske enkelt mellom fargemodus frå biletmenyen ved å opne menyen og klikke på ønskt modus.

Figur 3.34. Dialogen for å endre modus

Dialogen for å endre modus

RGB - Detter er normalmodus, brukt for fargerike bilete i høg kvalitet. Det er også denne som er vanlegast når du skal skalere, beskjere eller bare spegelvende biletet fordi RGB-modus gir datamaskinen mest informasjon om biletet. Denne ekstra informasjonen gjer at RGB-modus også gir dei største biletfilene.

Litt detaljar for den interesserte. Kvar piksel, eller biletpunkt om du likar det ordet betre, er sett saman av tre ulike komponentar: R for raud, G for grøn og B for blå. Kvar av desse kan igjen ha opp til 256 (0 – 255) lysverdiar som styrer kor intens fargen skal vere. Alle biletpunkta er sett saman av ulike mengder av desse komponentane, og kan til saman representere millionar av fargar, eller for å vere meir nøyaktig: 17 777 216 ulike fargar.

Indeksert - Denne blir gjerne brukt når filstorleiken er viktig eller når biletet har få fargar. Indeksert modus kan ha opp til 256 ulike fargar. Normalinnstillinga er å lage eit optimalt fargekart, men du kan også velje andre innstillingar. Prøv deg fram. Er resultatet ikkje godt nok, kan du angre det og kanskje prøve eit anna fargekart.

Figur 3.35. Dialogvindauget for «Bytt til indekserte fargar»

Dialogvindauget for «Bytt til indekserte fargar»

Som du sikkert har funne ut, vil filformatet bli mykje mindre sidan det er mindre biletdata å lagra. Ulempen er at du ofte finn menyval som er gråa ut sidan dei ikkje verkar i dette moduset. Du kan prøve å omforme biletet til RGB-modus for å utføre dei ønskte funksjonane og deretter tilbake til indeksert igjen. Dersom det ikkje hjelper å omforme til RGB, kan det vere fordi biletet manglar gjennomsikt. Du må då bruke menyvalet LagGjennomsiktLegg til alfakanall..

Figur 3.36. Legg til alfakanal

Legg til alfakanal

Gråskala - Dersom du ønskjer å omforme biletet til det vi kallar svart/kvit-format (som eigentleg er gråtoner), er dette ein av dei enklaste måtane å gjere det på. Mange bilete kan faktisk bli mykje betre i dette moduset. Omforminga blir gjort ved å ta ut eit gjennomsnitt av lysintensiteten for kvar av kanalane R, G og B.

Det er ikkje nødvendig å konvertere eit bilete til eit bestemt modus før du lagrar det. GIMP ordnar dette for deg og vil eventuelt eksportere biletet i høveleg modus for formatet.