4. Små GIMP-kvikkasar

Denne innføringa er baserte på tekst og bilete frå Copyright © 2004 Carol Spears. Originalane finn du på Internett på [TUT02].

4.1. Føremål

Du har endeleg fått installert GIMP, men har ingen ønskje om å studere datagrafikk bare for å gjere noen små forandringar i eit bilete. Dette er godt forståeleg, og heller ikkje nødvendig. Sjølv om GIMP inneheld overveldande mange verktøy og andre funksjonar, er det faktisk både raskt og nokså intuitivt, i alle fall etter at du har brukt det ei stund, også for småjobbar. Vi håper at desse «kvikkasane» kan hjelpe deg ut av desse småproblema og kanskje til og med gjere deg til ein svoren GIMP-brukar. Vona er at vi kan overtale deg til å ta i bruk dei meir avanserte metodane og verktøya om du eingong seinare skulle få inspirasjon til å lære meir om datagrafikk og biletbehandling.

Eit par ord om bileta som er brukte. Dei kjem alle frå nettsida Astronomy Picture of the Day ([APOD01]). Skjermbileta er tatt frå skrivebordet på datamaskinen min og viser APOD-biletet [APOD02].

Det einaste du treng å vite før du går vidare i kurset er korleis du finn eit bilete og opnar det. (FilOpna frå biletmenyen).