4.3. Gjer jpeg-bileta mindre

Figur 3.20. Eksempel på lagring i jpeg

Eksempel på lagring i jpeg

Du kan gjere jpeg-filene merkbart mindre utan at det viste biletet blir mindre. Som eksempel er her brukt (enda) ei fil frå APOD [APOD04]. Originalbiletet er 3 000 pikslar breidt, så eg forminska biletet slik at det passer betre for å visast på ei nettside slik som beskrive i Del 4.2, «Å forandra storleiken (Skalering)». Bruk FilLagra som... frå menyen for å få opp lagredialogen.

Figur 3.21. Dialogvindauget for å lagra biletet

Dialogvindauget for å lagra biletet

Til vanleg skriv eg her inn filnamnet med ønskt filutviding i tekstboksen og lar GIMP finne rett filtype, t.d. .jpg. Du kan bruke lista over filutvidingar (innringa på biletet over) for å sjå kva filtypar GIMP har støtte for. Dersom GIMP får problem, eller at formatet «JPEG» er gråa ut, altså ikkje tilgjengeleg, trykk på knappen Avbryt og les Del 4.6, «Å forandre biletmodus».

I dialogvindauget for å lagra som jpeg, kan du godta GIMP sitt forslag. Dette vil redusere filstorleiken ein del, og er absolutt den sikraste og raskaste måten å gjere det på utan at det går merkbart ut over biletkvaliteten.

Figur 3.22. Dialogvindauget for å lagra som JPEG med dårleg kvalitet.

Dialogvindauget for å lagra som JPEG med dårleg kvalitet.

Reduser biletkvaliteten for å gjere biletfila mindre. Sidan dette kan gi synlege resultat, bør du sikra deg at det er kryssa av for «Førehandsvis i biletvindauget». Som du kan sjå på biletet over, vil kvaliteten 6 lage eit dårleg bilete som tar liten diskplass. Biletet nedanfor viser ei innstilling med akseptabel kvalitet. Med kvaliteten sett til 42 blir biletet ganske brukbart til føremålet, og bruker nokså liten diskplass.

Figur 3.23. Dialogvindauget «Lagra som JPEG»

Dialogvindauget «Lagra som JPEG»

Til nå har eg bare vist førehandsvisingane. Vi avslutter difor denne abdelinga med dette sluttresultatet:

Figur 3.24. Eksempel med sterk kompressjon

Eksempel med sterk kompressjon

Kvalitet: 6; Filstorleik: 1.361 byte

Eksempel med sterk kompressjon

Kvalitet: 42; Filstorleik: 3.549 byte


Figur 3.25. Eksempel med moderat kompressjon

Eksempel med moderat kompressjon

Kvalitet: 85 (GIMPs normalverdi); Filstorleik: 6.837 byte

Eksempel med moderat kompressjon

Kvalitet: 100; Filstorleik: 20.971 byte