5.9. Posterisering

Dette verktøyet blir brukt til å redusere talet på fargar i eit lag eller utval og likevel bevare karakteristikken i originalbiletet.

5.9.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet anten

  • frå biletmenyen via VerktøyFargeverktøyaPosterisering eller FargarPosterisering

  • ved å klikke på symbolet i verktøykassa dersom verktøyet er installert der. (Installeringa er forklart i Del 5.1, «Verktøydialogen».

5.9.2. Innstillingar

Figur 13.160. Innstillingane for verktøyet «posterisering»

Innstillingane for verktøyet «posterisering»

Talet på fargenivå

Ved hjelp av glidebrytaren, eller innskrivingsboksane, kan du bestemme talet på fargenivå (2 - 256) som skal brukast i kvar av RGB-kanalane for å beskrive det aktive laget. Sluttresultatet blir ein kombinasjon av desse nivåa. Set du nivået til 3, vil dette gi 23 = 8 fargar i det ferdige biletet.

Førehandsvising

Dersom denne er avkryssa, kan du sjå endringane direkte på biletet.

5.9.3. Eksempel

Figur 13.161. Eksempel på bruk av «posterisering»

Eksempel på bruk av «posterisering»

Dette biletet bruker fire fargenivå. Histogrammet viser desse fire nivåa og 10 fargar inkludert svart og kvit.