Feilmeldingar er ein logg over eventuelle feil som har oppstått medan GIMP køyrer. Meldingane her er meir fyldige enn dei du får via «GIMP-melding». Du kan lagra heile loggen eller deler av han for seinare bruk.
Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge».
Du har tilgang til dialogvindauget
frå biletmenyen via
→ →eller frå fanemenyen i ein annan dialogmeny ved å klikke på fanen og velje →
Trykk denne for å slette feilloggen.
Åtvaring | |
---|---|
Du kan ikkje «Angre» denne handlinga. |
Trykk på denne for å lagra heile loggen. Du kan lagra deler av loggen ved å markere ønskt område med musepeikaren, eller ved å halde nede Shift-tasten medan du flytter deg rundt i teksten med Piltastane og lagra bare det merka området med å trykke Shift-tasten.
Det vil dukke opp eit dialogvindauge, Lagra feilloggen til fil, der du kan velje namn og plassering på loggfila:
Tips | |
---|---|
Du kan også finne desse funksjonane i fanemenyen for ein dialog ved å klikke på symbolet eller i lokalmenyen som kjem fram når du høgreklikkar i dialogvindauget. |