5.4. Eksportere fil

Dialogen «Eksportere fil» blir opna når du prøver å lagra ei fil i eit format som ikkje har støtte for gjennomsikt eller biletlag.

Filformat som ikkje støttar animasjon

Portable Network Graphics (PNG)

Figur 14.74. Dialogen for eksport som PNG-fil

Dialogen for eksport som PNG-fil

PNG-formatet er brukbart til det aller meste, men har ikkje støtte for animasjon og lag. Prøver du å lagra eit bilete med slike eigenskapar i PNG-format, dukkar eksportdialogen opp.

JPEG File Interchange Format (JFIF, JPEG)

Figur 14.75. Dialogen for eksport som JPEG-fil

Dialogen for eksport som JPEG-fil

JPEG-formatet blir mykje bruk når det er behov for å komprimere bileta, men har ikkje støtte for animasjon og gjennomsikt. Prøver du å lagra eit bilete med slike eigenskapar i JPG-format, dukkar eksportdialogen opp.

Filformatet støttar animasjon

Multiple-Image Network Graphics (MNG)

Figur 14.76. Dialogen for eksport som MNG-fil

Dialogen for eksport som MNG-fil

MNG-formatet blir brukt for å vise animasjonar. MNG har også støtte for 256 nivå av gjennomsikt, men dette blir diverre ikkje oppfatta av Internet Explorer 6. Eksportdialogen gir deg to val, men du bør velje Lagra som animasjon sidan Flat ut biletet ikkje gir meining her. Merk at MNG-formatet blir ikkje funne automatisk av GIMP. (Eg har ikkje dette formatet tilgjengeleg i min maskin, difor «engelsk» bilete).

Graphics Interchange Format (GIF)

Figur 14.77. Dialogen for eksport som GIF-fil

Dialogen for eksport som GIF-fil

GIF-formatet har støtte for 256 fargar og 2 nivå av gjennomsikt.

Dialogen gir deg valet mellom å Flate ut biletet eller å Lagra det som animasjon. Sjå meir om GIF-formatet i ordlista under GIF .

Dersom du ikkje har omforma biletet til indeksert format, vil du også få valet mellom å Konverter til gråtoner eller Konverter til indeksert ved å nytta standardinnstillingane. Denne omforminga kan gi uventa resultat. Fargane kan bli nokså forandra. Dessutan kan du faktisk risikera at biletet blir større enn om du hadde lagra det som JPEG, sjølv om kvaliteten kan vere dårlegare.