Undermenyen
inneheld operasjonar for automatisk justering av fargefordelinga i det aktive laget. Fleire av desse operasjonane er eigentleg programtillegg.I GIMP finn du fleire måtar for automatisk utstrekking av fargane, dvs. å strekke ut kolonnene i histogrammet for fargekanalane i det aktive laget. Ved å flytte lyse pikslar til høgre og mørke pikslar til venstre, vil lyse pikslar bli lysare og mørke pikslar mørkare. Dette påverkar kontrasten i biletet.
Noen av kommandoane strekker dei tre fargane likt. Dette fører til at fargetonen ikkje blir forandra. Andre strekker kvar av fargekanalane for seg, noe som fører til endringar i kuløren.
Måten strekkinga blir gjort på, skifter med dei ulike kommandoane. Difor blir også resultata forskjellige. Det finst ingen lett måte å vita på førehand korleis resultatet blir, difor vil det som oftast vere enklast å prøve seg fram. Dersom du veit nøyaktig kva du gjer, kan du få dei same resultata, eller faktisk i noen tilfelle betre, med nivåverktøyet.
For å gjere samanliknane enklare, er det her samla noen eksempla på ulike verknader. Dette er og blir eksempel. Den einaste sikre måten å finne ut av dette på, er å prøve ut kommandoane på eigne bilete.