8.12. Strekk HSV

Kommandoen Strekk HSV gjer det same som Strekk kontrast, men arbeider i fargemodellen HSV i staden for i RGB. Dermed blir kuløren bevart uendra. Programmet strekker områda for kulør, metning og lysverdiar uavhengig av kvarandre. Av og til kan resultatet bli bra, men svært ofte ikkje heilt på høgde med det ein kanskje hadde venta. «Strekk HSV» verkar på lag i RGB-modus og indekserte bilete. Er biletet i gråskala, er kommandoen uverksam.

8.12.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvaletfrå biletmenyen via FargarAutoStrekk HSV

8.12.2. Eksempel på bruk av «Strekk HSV»

Figur 15.141. Originalbiletet

Originalbiletet

Det aktive laget og histogrammet for raud, grøn og blå før bruk av «Strekk HSV».


Figur 15.142. Biletet etter bruk av filteret

Biletet etter bruk av filteret

Det aktive laget og histogrammet for raud, grøn og blå etter bruk av «Strekk HSV». Kontrast, lysverdi og kulør er forbetra.