8.11. Strekk kontrast

Kommandoen Strekk kontrast strekker automatisk histogramverdiane for det aktive laget. Kommandoen finn maksimums- og minimumsverdiane for kvar kanal og bruker desse for å strekke histogramma for raud, grøn og blå til fullt kontrastområde. Lyse fargar blir lysare og mørke fargar mørkare. Dermed aukar kontrasten. Kommandoen liknar på kommandoen Normaliser, men verkar individuelt på kvar fargekanal. Svært ofte blir det tilført eit fargeskifte i biletet. «Strekk kontrast» arbeider på biletlag i alle fargemodus, altså både RGB, gråskala og indeksert. Kommandoen blir helst brukt for å fjerne fargestikk i bilete som eigentleg skulle innehalde rein kvit eller rein svart.

Kommandoen er også nokså lik kommandoen Kvitbalanse, men fjernar ikkje noen av dei svært mørke eller svært lyse pikslane. Dermed kan du risikera ein urein kvitfarge.

8.11.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvaletfrå biletmenyen via FargarAutoStrekk kontrast

8.11.2. Eksempel på bruk av «Strekk kontrast»

Figur 15.139. Originalbiletet

Originalbiletet

Det aktive laget og histogrammet for raud, grøn og blå før bruk av «Strekk kontrast».


Figur 15.140. Biletet etter bruk av filteret

Biletet etter bruk av filteret

Det aktive laget og histogrammet for raud, grøn og blå etter bruk av «Strekk kontrast». Til skilnad frå «Kvitbalanse» rekk ikkje pikselkolonna heilt ut til høgresida av histogrammet (255) på grunn av svært få lyse pikslar.

Strekkinga av histogrammet lagar opningar mellom kolonnene. Difor stripene.