Kommandoen
justerer automatisk lysverdien for fargane i det aktive laget slik at histogrammet for verdiar blir så flatt som mogleg. Eller med andre ord, at lysverdiane blir fordelte jamnast mogleg med like mykje på kvar piksel. Du kan sjå dette på eksemplet nedanfor ved at pikselfargar som det er mykje av i biletet er strekte meir enn fargar som det er lite av. Resultatet av kommandoen er sterkt avhengig av originalen. Av og til er «Jamn ut» ypparleg til å forbetra kontrasten i biletet og til å henta ut detaljar som var vanskelege å få auge på før operasjonen. Andre gonger blir resultatet heilt elendig. Kommandoen er likevel verd eit forsøk. Verkar han ikkje slik du ønskjer det, er det bare å angra heile greia. «Jamn ut» verkar på lag frå RGB- og gråskalabilete. Er biletet indeksert, er kommandoen uverksam.Du har tilgang til dette menyvaletfrå biletmenyen via
→ →eller med snarvegen Shift+Page Down.