15.8. Kuflekkar

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2506 $ 2007-MM-DD KoSt

15.8.1. Oversyn

Figur 16.321. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Kuflekkar


Dette filteret fyller alfakanalen for det aktive laget med eit mønster som kan minne om ei droplete ku (“kuflekkar”).

[Advarsel] Advarsel

Biletet vil alltid bli så stort som det aktive laget.

Filteret fyller alfakanalen med massiv støy:

... og maksimerer kontrasten:

Filteret legg også til eit lag medsløring og bruker dette laget som lysegrå skyggar og som strukturkart. Til slutt blir det (i normalinnstillinga) lagt til eit kvitt bakgrunnslag nedst.

Filteret ender altså opp med desse laga: [9]

15.8.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterAlfa til logoKuflekkar

15.8.3. Innstillingar

Figur 16.322. Innstillingane for filteret “Kuflekkar

Innstillingane for filteret Kuflekkar

Flekktettleik X; Flekktettleik Y

Den horisontale (x) og den vertikale (y) flekktettleiken blir brukt av filteret massiv støy som verdiar for X-storleik og Y-storleik. Området går difor frå 1 til 16. Høge verdiar resulterer i mange flekkar, låge verdiar i få flekkar.

Figur 16.323. Eksempel på “Flekktettleik

Eksempel på Flekktettleik

Maksimal X-tettleik, minimal Y-tettleik

Eksempel på Flekktettleik

Maksimal Y-tettleik, minimal X-tettleik


Bakgrunnsfarge

Dette er fargen for “bakgrunnen”. Normalinnstillinga er kvit, men du kan klikke fargeknappen for å få opp fargedialogen og legge inn kva farge du ønskjer.



[9] Dersom det aktive laget ikkje er det øvste laget, kan det hende filteret rotar til laga. I tilfelle kan du rydde opp ved å løfte det aktive laget. (Gjeld for GIMP-versjonar før 2.6).