15. Alfa til logo filtra

15.1. Innleiing til filtra “Alfa til logo

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2491 $ 2008-03-23 kost

Figur 16.304. Menyen for filtra “Alfa til logo

Menyen for filtra Alfa til logo

Desse filtra samsvarer med dei logo-genererande script-fu-skripta ved at dei legg alle slags spesialeffektar til dei utvalde, gjennomsiktige områda i det gjeldande laget.

[Notat] Notat

Funksjonane verkar bare når biletet inneheld alfakanal. Dersom du finn at alle menyvala er gråa ut, og altså utilgjengelege, kan du legge til ein alfakanal.

Filtereffekten blir bestemt av alfaverdien, som alltid er eit tal frå 0 (gjennomsiktig) til 255 (ugjennomsiktig). Det er råd å bruke filteret på ein del av eller alle pikslane ved å bruke alfaverdiar mellom 1 og 254.

Dette er noe av det same som når du vel ut pikslane delvis. Desse filtra arbeider alltid på eit utval frå alfakanalen som er laga ved å overføre alfaverdiane til kanalen som representerer utvalet.

Korleis legge eit “Alfa til logo”-filter til eit utval?

  1. Lagra utvalet i ein kanal.

    Dersom det gjeldande laget er bakgrunnslaget, må du sjå etter at det har ein alfakanal. Dersom denne manglar, må du legge til ein alfakanal.

    [Tips] Tips

    Dersom lagnamnet er utheva i lagdialogen, betyr dette at laget manglar alfakanal.

  2. Legg til lagmaske i laget og set opp maska med denne kanalen.

  3. Ikkje gløym å legge til lagmaske.

  4. Til slutt bruker du det ønskte “alfa til logo”-filteret. (Filteret ignorerer utvalet, så du treng ikkje gjere noe meir med det).