10.2. Avbilding frå kart

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2455 $ 2008-02-05 kost

10.2.1. Oversyn

Figur 16.198. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Frå venstre: Det einsfarga blå originalbiletet som skal tilførast relieffverknad. I midten strukturkartet (“ruglekartet” om du vil), som er i gråskala. Svarte pikslar vil fordjupe relieffet, kvite pikslar opphøge relieffet. Til høgre det ferdige biletet. Filteret legg til ein skyggeeffekt.


Dette filteret lagar 3D-effektar ved å avbilda ein struktur i eit bilete, kartet, på eit anna bilete. Høgda på “humpane” er avhengig av lysstyrken til pikslane. Det er også råd å bestemma frå kva retning lyset skal kome. I motsetnad til filteret Seksjon 8.4, “ Relieff kan dette filteret brukast på alle bilettyper. (Å lage bilete på denne måten blir også kalla “bump-maping”).

10.2.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterKartAvbilding frå kart

10.2.3. Innstillingar

Figur 16.199. Innstillingane for filteret “Avbilding frå kart

Innstillingane for filteret Avbilding frå kart

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.

Srukturkart

Denne nedtrekksmenyen inneheld alle bileta som var på skjermen då du aktiviserte filteret. Du kan velje kva for eit av desse bileta som skal brukast som strukturkart.

Koplingstype

Her kan du bestemma kva metode som skal brukast for å kopla saman dei to bileta:

  • Lineær: Høgda på humpane er ein direkte funksjon av lysstyrken.

  • Sinusforma: Høgda på humpane er ein sinusfunksjon av lysstyrken.

  • Kuleforma: Høgda på humpane er ein kuleforma funksjon av lysstyrken.

Kompenser for formørkinga

Avbildinga har ein tendens til å gjere biletet mørkare. Aktivere dette valet dersom du vil unngå dette.

Inverter strukturkartet

Til vanleg vil lyse pikslar gi humpar og mørke pikslar holer i biletet. Denne funksjonen vender om på dette.

Flislegg strukturkartet

Denne funksjonen er helst nytta dersom du skal bruke biletet som gjentatt bakgrunn i ei nettside. Mønsteret vil då bli lagt side om side utan synlege fuger mellom bitane.

Asimut

Denne glidebrytaren bestemmer kvar lyset skal koma frå. Skalaen tilsvarer kompassretningane i grader, men med startpunkt 0° i aust. Aukande tal vil dreie lyset motsols og altså skyggane medsols.

Elevasjon

Denne glidebrytaren bestemmer kor høgt over horisonten (0,50°) lyset skal kome frå. Rett ovanfrå (zenit) tilsvarer 90°.

Djupn

Djupna er i dette tilfellet simuleringa av kor høge humpane og kor djupe holene i biletet skal sjå ut til å vere. Dess høgare tal dess større skilnad. Variasjonsområdet er frå 1 til 65.

X- og Y-forskyving

Du kan bruke desse glidebrytarane for å finjustera plasseringa av kartet i biletet.

Havnivå

Dersom biletet inneheld gjennomsiktige område, vil desse bli behandla som mørke felt og bli omforma til utholingar i biletet. Med denne glidebrytaren kan du gjere desse holene grunnare. Er Inverter strukturkartet aktivisert, vil gjennomsiktige område bli behandla som lyse felt og funksjonen vil planere humpane.

Bakgrunnslys

Med denne glidebrytaren kan du bestemma den totale lysstyrken på biletet. Høge verdiar vil føre til at relieffverknaden blir redusert.