7.5. Gjer flytande

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2424 $ 2007-02-12 KoSt

Kommandoen Gjer flytande omformar eit normalt utval til eit “flytande utval”. Du kan finne meir om flytande utval i ordlista.

I tidlegare versjonar av GIMP blei flytande utval brukte for å gjere operasjonar på ein avgrensa del av biletet. Nå kan dette gjerast enklare ved hjelp av lag, men metoden kan likevel vere aktuell av og til. I tillegg til kommandoen Gjer flytande, kan du også opprette eit flytande utval ved å bruke verktøyet “Flytt”. Dette verktøyet lagar automatisk eit flytande utval når det blir brukt. Endeleg kan du lage eit flytande lag ved å bruke kommandoane i menyen lag.

Sidan du ikkje kan arbeida på andre lag så lenge du har eit flytande utval i biletet, må du anten gjere utvalet om til eit nytt lag med kommandoen nytt lag i lagmenyen, eller du må forankre utvalet så snart du er ferdig med arbeidet på det. Forankringa gjer du ved å feste utvalet til eit normalt (ikkje flytande) lag. Som oftast vil dette vere det laget du arbeidde på då du oppretta det flytande utvalet. Den enklaste måten å gjere dette på, er å klikke ein eller annan stad på biletet utanfor utvalet. Du kan også bruke kommandoen forankre laget.

[Tips] Tips

Dersom du har aktivert Vis laggrenser i Vis-menyen, kan det vere vanskeleg å velje ut nøyaktig det området du ønsjer. Ein måte å omgå dette på, er å lage eit rektangulær utval rundt det ønskte området og omforme dette til eit nytt lag og deretter fjerne originallaget.

7.5.1. Aktivering

  • Du får tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via VelGjer flytande

  • eller med snarvegen ShiftCtrlL