10. Lag”-menyen i biletvindauget

10.1. Innleiing til “lag”-menyen

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2529 $ 2007-02-21 KoSt

Figur 15.100. Innhaldet i menyen “Lag

Innhaldet i menyen Lag

Dei ulike vala du har i Lagmenyen blir brukte når du arbeider på biletlaga. I tillegg til at du har tilgang til denne menyen frå biletmenyen, kan du få han fram ved å høgreklikke i biletet eller på miniatyren av laget i lagdialogen. Fleire av vala i denne menyen kan du også få fram ved å klikke på ulike knappar i lagdialogen. Dette gjeld for eksempel å endre storleik på laget, flette saman lag eller å forandre gjennomsikt for laget.

[Notat] Notat

Kan hende finn du andre punkt på denne menyen enn dei som blir omtalte her. Desse er ikkje ein del av GIMP, men er lagt inn av programtillegg (plug-ins) du, eller andre, har installert. Du kan finne nærare informasjonar om desse funksjonane i dokumentasjonen til programtillegget.