7.13. Ramme

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2492 $ 2008-01-05 KoSt

Figur 15.50. Å lage ei ramme frå eit utval

Å lage ei ramme frå eit utval

Eit bilete med eit utval

Å lage ei ramme frå eit utval

Ramme laga frå utvalet


Kommandoen Ramme lager eit nytt utval rundt det eksisterande utvalet med dette som mønster. Ramma blir liggjande med halvparten av breidda på innsida, og den andre halvparten på utsida av det eksisterande utvalet. Du kan skrive inn breidda på ramma i pikslar eller andre måleeiningar i dialogvindauget.

7.13.1. Aktivering

  • Du får tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via VelRamme.

7.13.2. Beskriving av dialogvindauget “Ramme

Figur 15.51. Dialogvindauget “Ramme

Dialogvindauget Ramme

Rammebreidde

Skriv inn breidda på ramma. Til vanleg blir denne oppgitt i pikslar, men du kan endre dette til andre måleeiningar ved hjelp av nedtrekkslista.

Mjuk kant

Dersom det er merka av for dette valet, vil det bli laga ein mjuk overgang mellom utvalet og områda rundt. Legg merke til at du ikkje kan bruke innstillinga Mjuke kantar i verktøykassa til dette føremålet.

Lås utvalet til biletkantane

Med dette valet aktivert, vil det ikkje bli gjort endringar på den kanten av utvalet, oftast eit rektangel, som fluktar med biletkanten. Det blir ikkje laga eit nytt utval langs denne kanten.

Figur 15.52. Ramme langs biletkanten med og utan “Lås til biletkantane

Ramme langs biletkanten med og utan Lås til biletkantane

I midten ramme utan låsing, til høgre med låsing

Ramme langs biletkanten med og utan Lås til biletkantane

Same utvalet fylt med raudt