Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via
→ →Dette filteret legg lysglimt i dei lysaste punkta i biletet ut frå ein grenseverdi du har lagt inn. Det kan vere vanskeleg å sjå kvar desse lysglimta vil dukke opp i biletet, men du kan styre det ein del ved å teikne kvite punkt der du ønskjer desse funklande glimta.
Dersom denne er tilgjengeleg, vil innstillingane du gjer bli viste i førehandsvisinga.
Med denne glidebrytaren bestemmer du på ein skala frå 0,0 til 0,1 kor lyse områda må vere for å bli påverka av lyseffekten.
Med denne glidebrytaren bestemmer du på ein relativ skala frå 0,0 til 1,0 breidda på det sentrale lyspunktet og på strålen.
Med denne glidebrytaren bestemmer du på ein relativ skala frå 1 til 100 lengda på strålane. Når du reduserer lengda, blir dei små stjernene påverka først.
Her bestemmer du kor mange lange strålar, frå 0 til 16, det skal vere i kvart lysglimt. Det blir også like mange av dei mellomliggande korte strålane. Når talet er eit oddetal, blir ein kort stråle sett motsett av ein lang stråle. Er talet eit partal, blir dei lange strålane sett motsett av kvarandre.
Dette er vinkelen, 0° til 360°, til den første strålen i høve til vassrett. Verdien -1 gjer at vinkelen blir vald tilfeldig.
Dette talet bestemmer kor stor prosentdel (0,0 til 1,00) av dei moglege punkta i biletet som skal bli til lysglimt. Tala blir avrunda slik at t.d. 10 % (0,10) av 6 moglege punkt blir eitt punkt.
Med minskande dekkevne blir lysglimta meir og meir gjennomsiktige slik at fargane i eit eventuelt underliggande lag blir meir synlege, eller lysglimtet mindre synleg.
Som namnet seier, får strålane tilfeldig farge.
Gir ei tilfeldig metning av strålefargen.
Set alle pikslane i den sentrale delen av stjerna til lysverdien til den lysaste pikselen. Dette gjer at heile lysglimtet blir lysare.
Set alle pikslane i den sentrale delen av stjerna til lysverdien til den mørkaste pikselen. Dette gjer at heile lysglimtet blir mørkare.
I staden for å lage lysglimt i dei lysaste punkta i biletet, blir det laga ei ramme av lysglimt rundt biletet.
Desse vala bestemmer fargen på den midtre delen av stjerna. Fargen blir lagt til i skjerm-modus, eller multipliser-modus dersom det er merka av for inverter. Naturleg farge er fargen på den valde pikselen i biletet. Forgrunnsfarge og Bakgrunnsfarge er tilsvarande fargar i verktøyskrinet. (Sjå om mudus i avsnittet Lagmodus).