9.6. Supernova

9.6.1. Oversyn

Figur 15.126. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbilete

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Supernova


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterLyseffektarSupernova

Dette filteret lager ei stor stjerne i biletet. Filteret verkar både på gråskala- og RGB-bilete. Lysmengda avtar omvendt proporsjonalt med avstanden frå midten av stjerna.

9.6.2. Innstillingar

Figur 15.127. Innstillingane for filteret “Supernova

Innstillingane for filteret Supernova

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykke på knappen OK.

Sentrum for novaen
  • Du kan plassere supernovaen i biletet anten ved å klikke med musepeikaren der du ønsker effekten, eller du kan skrive inn koordinatverdiane i boksane for X og Y.

  • Vis markøren: Dette valet gjeld ikkje den vanlege musemarkøren, men to hjelpelinjer som krysser kvarandre i sentrum for effekten.

Farge

Farge: Klikk på fargeruta for å opne den vanlege fargedialogen for å bestemma fargen på effekten.

Radius

Radius: Dette er radius for senterområdet til supernovaen. Talet på pikslar i novaen er kvadratet av radius.

Stråler

Stråler: Her bestemmer du kor mange stråler (1-1024) supernovaen skal sende ut.

Tilfeldig kulør

Denne glidebrytaren bestemmer kva område (0° til 360°) på fargesirkelen som skal brukast for å setje farge på supernovaen.