3.19. Palettutglatting

3.19.1. Oversyn

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterFargarPalettutglatting

Filteret lager ein stripete palett av fargane i det aktive laget eller den aktive markeringa. Hovudføremålet med dette filteret er å lage fargekart til bruk med filteret Flamme.

3.19.2. Innstillingar

Figur 15.59. Innstillingane for filteret “Palettutglatting

Innstillingane for filteret Palettutglatting

Breidde - Høgde

Dette er Breidde og Høgde for paletten. Dersom lenka ikkje er broten vil desse to vere lenka saman. Du bryt eller opnar lenka ved å klikke på lenkesynbolet. Du kan også velje andre einingar enn pikslar dersom dette er ønskjeleg.

Søkedjupn

Aukande søkedjupn (1 - 1024) resulterer i fleire fargesjatteringar i paletten.