Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via
→ → →Dette filteret laget merkverdige, tilfeldige fraktalmønster. Du har ikkje same kontrollen med dette filteret som du har med filteret IFS-fraktal. Fordelen er at dette filteret er enklare å bruke. Du kan styre slumpgeneratoren og velje mellom fleire ulike tema.
Advarsel | |
---|---|
Diverre har dette filteret ein feil som gjer at det ikkje greier å arbeide med store bilete. Ein rask test viser at filteret arbeider heilt fint på eit 1024 × 768 piksel bilete, men greier ikkje eit bilete på 2 500 × 2 500 pikslar. Det har til nå ikkje vore råd å få utviklaren i tale for å rette feilen. |
Notat | |
---|---|
Filteret blei gitt til GIMP i 1997 av Scott Draves, som har opphavsrett til filteret. Du kan finne beskrivinga hans av filteret på Internett på [PLUGIN-FLAMES]. |
Når du trykker på knappen
i hovudmenyen, kjem det opp eit dialogvindauge der du kan redigere kva flammetype du vil ha i biletet ditt.Den øvste delen av dialogen “Rediger flamme” inneheld ni utgåver av flammemønsteret. Biletet i midten viser det aktive mønsteret. Dersom du klikkar på eit av dei andre bileta, vil dette bli gjort til det aktive mønsteret og blir flytt inn i midten. Du kan også klikka på midtbiletet for å generere nye mønster.
Glidebrytaren bestemmer kor store forandringane skal bli i høve til det aktive mønsteret. Høge tal gir store forandringar. Forandringane blir viste i dialogvindauget.
Her finn du ein nedtrekksmeny med fleire ulike tema som etterliknar ulike optiske verknadane.
Kvar gong du klikkar på denne knappen, blir det generert eit nytt mønstersett.
Trykk på denne knappen for å hente inn tidlegare lagra innstillingar for dette filteret.
Trykk på denne knappen for å lagra den aktive innstillinga for dette filteret.
I denne fanen finn du ulike innstillingar som påverkar utsjånaden til mønsteret.
Med denne glidebrytaren bestemmer du kor mørkt (0,0) eller lyst (5,0) mønsteret skal vere.
Med denne glidebrytaren bestemmer du kontrasten i mønsteret. Skala 0,0 til 5,0.
Med denne glidebrytaren bestemmer du gammaverdien (ein fargekorreksjon i mellomtonene) i mønsteret. Skala 1,0 til 5,0.
Denne glidebrytaren kontrollerar oppløysinga i mønsteret. (Verknaden er ikkje synleg i førehandsvisinga). Ein høg verdi resulterer i ei mjuk, edderkoppnettliknande teikning, medan låg oppløysing minner meir om maling med sprayboks.
Ser ut til at dette har noe med detaljutrekningane å gjere. Noen forslag?
Ser ut til at stor radius gir eit utvida bilete med får detaljar, medan ein liten radius gir smalare strek med klare detaljar. Har du lyst til å utdjupe beskrivinga?
I denne nedtrekksmenyen kan du velje mellom ulike måtar å fargelegga flammemønsteret:
I denne nedtrekksmenyen kan du velje mellom ulike måtar å fargelegga flammemønsteret:
Den fargeovergangen som er aktiv i verktøyskrinet.
Ein del ferdigdefinerte fargekart.
Fargane frå eit bilete som var opna då filteret blei aktivert.
I denne fanen kan du bestemma plasseringa av flammemønsteret i biletet.
Denne glidebrytaren blir brukt for å forstørra eller forminska flammemønsteret.
Blir brukte for å flytte flammemønsteret rundt i biletet ved å setje x- og y-koordinata for mønsteret.