Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via
→ → Dette filteret er bare tilgjengheleg for bilete med alfakanal. Dersom denne kanalen manglar, kan du legge han til med → → → .Dette filteret blir brukt for å lage kantutjamning på indekserte bilete med gjennomsikt. GIF-formatet kan bare ha fullstendig gjennomsikt eller ingen gjennomsik, ikkje delvis gjennomsikt. Delvis gjennomsiktige pikslar blir anten sett til full gjennomsikt eller ugjennomsiktige. Dette kan øydelegge den nydelege logoen du hadde tenkt å bruke på nettsidedne dine.
Før du bruker dette filteret, er det viktig at du veit nøyaktig kva for bakgrunnsfarge du har på nettsida. Bruk eventuelt fargehentaren og legg bakgrunnsfargen som forgrunnsfarge i verktøyskrinet. Inverter deretter FG og BG i verktøyskrinet slik at bakgrunnsfargen her er den same som du har på nettsidene.
Filteret kombinerer forgrunnsfargane i biletet med bakgrunnsfargen til ein korrekt fargeovergang mot bakgrunnsfargen ved at fullstendig gjennomsiktige pikslar tar ingen farge, svært gjennomsiktige pikslar tar litt farge og lite gjennomsiktige pikslar tar mykje farge.