3.17. Retinex

3.17.1. Oversyn

Figur 15.55. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret
Eksempel på bruk av filteret

Legg merke til nye detaljar i øvre, høgre hjørne.


Dette filteret forbetrar den visuelle framstillinga av eit bilete tatt under dårlege lystilhøve. Menneskeauget kan sjå fargar nokså korrekt sjølv i lite lys. Digitale kamera er derimot dårlege på dette. Difor er det utvikla ein del matematisk algoritmer som prøver å forbetra resultata frå kamera. Ein av desse er MSRCR (MultiScale Retinex with Color Restoration) som er grunnlaget for dette filteret. “Retinex” står for “retina” (netthinne) + “cortex” ((hjerne)hinne).

Retinex-algoritmen blir i tillegg til å bli brukt på digitale fotografi, også brukt på mange andre område. Frå å gjere informasjonen i astronomiske bilete meir synleg til å forbetra strukturen i røntgenbilete og medisinske skanningar.

3.17.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterFargarRetinex

3.17.3. Innstillingar

Figur 15.56. Innstillingane for filteret “Retinex

Innstillingane for filteret Retinex

Dette filteret er førebels dårleg dokumentert. Medan du ventar på dokumentasjonen, har du eigentleg ikkje anna å gjere enn å prøve deg fram til du finn passande innstillingar.

Grad

Utviklaren av dette programtillegget skriv på nettsidene (www-prima.inrialpes.fr/pelisson/MSRCR.php) sine: “For å karakterisere fargeforandringane og den framherskande belysninga jamnar vi ut intensiteten i dei (gaussiske) filtra ved å setje ulike skalaer. Desse parametra gjer det mogleg å spesifisera verdiar mellom minimum (sigma 2,0) og maksimum (sigma er lik biletstorleiken).”...

  • Uniform: [Kven veit?]

  • Låg: [Kven veit?]

  • Høg: [Kven veit?]

Skalering

[Kven veit?]

Oppdeling

[Kven veit?]

Dynamikk

Sidan MSR-algoritmen har ein tendens til å gjere biletet lysare, kan du justera metninga med denne glidebrytaren.