Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via
→ →I motsetnad til andre filter, påverkar dette filteret ikkje alle pikslane. Bare dei nærliggande pikslane som avvik frå den målte pikselen med ein deltaverdi mindre enn den som er sett i dialogvindauget blir påverka. Dermed blir for eksempel kontrastar bevart. Filteret blir mest brukt for å sløre bakgrunnen for å framheva forgrunnen. Dette kan med ein enkelt operasjon gi ei kjensle av djupn i biletet.
Her bestemmer du kor mykje biletet skal slørast.
Her bestemmer du maksimal skilnad (0 - 255) mellom pikselverdien og verdien for dei nærliggande pikslane. Er skilnaden i verdiane større enn deltaverdien, blir det inga sløring.