Du opnar filteret frå biletmenyen via
→ →Dette filteret verkar på kvar piksel i det aktive laget eller den aktive markeringa ved at pikselen blir sett til ein gjennomsnittsverdi av alle pikslane rundt i ein radius sett i dialogen. Dess høgare verdi, dess meir sløring. Dersom du bryt lenka sett i dialogvindauget mellom horisontal og vertikal, kan du setje radius for desse uavhengig av kvarandre. GIMP bruker to ulike metodar for utrekningane, “IIR G.B.” og “RLE G.B.”. Resultatet blir det same, men på noen bilete er den eine raskast, på andre er den andre raskast.
Her bestemmer du mengda av sløring. Dess høgare tal dess meir sløring. Du kan også bryte lenka og setje ulik sløring for vassrett og loddrett. Vil du bruke andre einingar enn piksel, bruker du nedtrekkslista.
IIR: (“Infinite Impulse Response”). Denne metoden verkar som oftast best for høge radiusverdiar og for bilete som ikkje er laga med datamaskin, dvs. fotografi.
RLE: (“Run Length Encoding”). Denne metoden er som oftast best for bilete som er laga med datamaskin eller bilete som inneheld store område med konstant intensitet, dvs. teikningar.