Alle filtra i denne kategorien slører biletet, eller deler av det, på ein eller annan måte. Dersom det er ei markering i biletet, vil sløringa bare påverke denne. Det hender likevel av og til at det blir litt fargelekkasje over i det umarkerte området. For å gi eit inntrykk av kva dei ulike filtra gjer, vil vi vise korleis dei verkar på det viste originalbiletet. Desse eksempla er meint som eit kort oversyn over kva dei ulike filtra kan gjere. Det er sjølvsagt uråd å vise alle moglege innstillingar for alle filtra.
Dette er kanskje det mest brukte sløringsfilteret. Det bruker enkel matematikk og er såleis nokså raskt, med ganske brukbare resultat.
Dersom du ønskjer å sløre biletet litegrann for å gjere det mjukar, kan dette filteret vere brukbart. I GIMP 2.2 arbeider dette filteret automatisk, utan å bruke dialog for innstillingar. i GIMP 2.0 kjem det fram ein dialog der du kan bestemma kor mange gonger prosessen skal utførast.
Dette filteret gir deg høve til å setje ein grenseverdi slik at bare like pikslar eller pikslar som liknar på kvarandre blir sløra. Dette kan vere nyttig for å redusera korn i biletet og likevel bevara skarpe kantar. Legg merke til at korninga i bakgrunnen er redusert.
Dette filteret omformar biletet til større eller mindre kvadratiske biletpunkt. Dette filteret liknar på filteret oljemaling i gruppa for artistiske filter, men med kvadratiske pikslar i staden for uregelmessige dråpar.
Notat | |
---|---|
Denne effekten er nærare forklart i [BACH04] som “Abraham Lincoln Effekt”. |
Dette filteret slører i ein bestemt retning ved kvart punkt slik at du kan gi ei kjensle av anten lineær, radiell (zoom) eller roterande rørsle.
Filteret Slør flisfugene er eigentleg ei gaussisk sløring, men brettar rundt hjørna på biletet for å gjere kantane mindre synlege når du lagar eit mønster ved å legge fleire biletkopiar side om side.
Notat | |
---|---|
Slør flisfugene er eigentleg eit Script-Fu skript som kallar opp programtillegget for gaussisk sløring. |