10.6. Mosaikk

10.6.1. Oversyn

Figur 15.136. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Mosaikk


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterForvrengningarMosaikk

Dette filteret deler det aktive laget eller den aktive markeringa opp i mosaikkfliser som blir skilde med fuger. Flisene blir litegrann oppheva for å gi inntrykk av mosaikk.

10.6.2. Innstillingar

Figur 15.137. Innstillingane for filteret “Mosaikk

Innstillingane for filteret Mosaikk

Førehandsvising

Dersom denne er tilgjengeleg, vil førehandsvisinga syne endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.

Innstillingar
Kantutjamning

Kantutjamning: Dette valet glatter ut kantar i biletet.

Fargegjennomsnitt

Fargegjennomsnitt: Dersom det ikkje er merka av for dette valet, vil originalteikninga vere synleg på flisene. Er det merka av for denne funksjonen, vil kvar flis få gjennomsnittsfargen for området flisa dekker.

Tillat deling av fliser

Tillat deling av fliser: Dette valet deler flisene i fleirfarga område. Dette vil gi betre fargeovergangar i bilete med mange detaljar.

Ruflete overflate

Ruflete overflate: Dette valet gir flisene ei ruflete overflate.

FG/BG-belysning

FG/BG-belysning: Dette valet gjer at flisene blir belyste med forgrunnsfargen i verktøyskrinet, medan skyggene får farge frå bakgrunnen. Også fugene får bakgrunnsfargen.

Innstillingar
Flisstorleik

Flisstorleik: Bestemmer storleiken på flisoverflata frå 5,0 til 100,0.

Flishøgde

Flishøgde: Bestemmer den tilsynelatande høgda på flisene frå 5,0 til 100,0 pikslar.

Flisavstand

Flisavstand: Dette er i praksis breidda på fugene mellom flisene.

Flisordning

Flisordning: Denne glidebrytaren bestemmer frå 0,0 til 1,0 kor einsarta flisene skal vere. Med verdien sett til 1 vil dei fleste flisene ha same form og storleik. Med verdien 0 vil flisene få tilfeldig storleik, og ofte også noe tilfeldig utsjånad.

Lysretning

Lysretning: I utgangspunktet er lyset sett til å kome frå øvre, venstre hjørne (135°). Dette kan du forandre etter behov med denne glidebrytaren.

Fargevariasjon

Fargevariasjon: Kvar flis kan bare ha eit nokså avgrensa fargeområde. Dermed blir også talet på fargar i biletet redusert. Med denne glidebrytaren kan du auke fargemengda i biletet lite grann.

Flisform

Desse vala skulle vere sjølvforklarande, og bestemmer grunnforma for flisene:

  • Kvadrat

  • Sekskanta

  • Åttekanta og kvadrat: Lager i hovudsak åttekanta fliser. Der dette ikkje går opp geometrisk, blir dei ledige romma fylt med kvadrat.