10.7. Eselører

10.7.1. Oversyn

Figur 15.138. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Eselører


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterForvrengningarEselører

Filteret bøyer inn eit hjørne på det aktive laget eller den aktive markeringa slik at det minner om “eselører” i ei bok. Når du trykker OK-knappen blir det opna eit nytt “Eselørelag” i biletet og ein ny alfakanal. Den delen av eselørelaget som ikkje er med i effekten blir gjennomsiktig slik at det underliggande laget blir synleg der eseløret er rulla inn.

10.7.2. Innstillingar

Figur 15.139. Innstillingane for filteret “Eseløre

Innstillingane for filteret Eseløre

Posisjon

Du kan velje kva hjørne som skal ha eseløret: Øvre, venstre, Øvre, høgre, Nedre, venstre eller Nedre, høgre.

Orientering

Her bestemmer du kva retning innrullinga skal føregå frå, Horisontal eller Vertikal.

Skygge under bretten

Dette er skyggen på innsida av eseløret.

Baksidefarge

Fargevalet her er for baksida av eseløret. Du kan velje mellom Forgunn/bakgrunnfarge, Aktiv fargeovergang eller Aktiv fargeovergang (reversert). Fargane er dei som er viste i verktøyskrinet.

Dekkevne

Denne glidebrytaren bestemmer dekkevna til eseløret, altså kor synleg biletet under eseløret skal bli. Du kan også bestemme dekkevna i lagdialogen om det passar betre.